Ein fantastisk start paa 2020
TORVIK: God start på 2020 for teknisk sjef Knut Johan Voldsund og dagleg leiar Aasmund Torvik i Lextor Marin. Båten bak skal leverast til Stokkenes Reiarlag på Stad, eit selskap som driv med torskeoppdrett.
Nytt

- Ein fantastisk start på 2020

Same dagen som dei tilsette tok juleferie, signerte Lextor Marin ein stor dobbeltkontrakt.

13.01.2020
- Vi kunne ta juleferie med eit godt smil om munnen, seier dagleg leiar Aasmund Torvik i Herøy-bedrifta.
Frå basen i Torvika har selskapet spesialisert seg på bygging av arbeidsbåtar.
Kontrakten som vart inngått før jul galdt to 13 meter lange og sju meter breie arbeidsbåtar til Austevoll-selskapet Sjøtroll Havbruk.
- Dette er dei to største båtane vi nokon gong har bygt, seier Torvik.
Om bord i dei to katamaranene vert det ei vinsj på ti tonn, og ei kran på 32 tonnmeter.

Fiskebåt til Lofoten

Maskineriet om bord i katamaranene vert to Volvo Penta-motorar på 450 hk kvar.
- Dette vert ein arbeidsbåtat som kan utføre ei rekkje funksjonar, seier Torvik.
Denne kontrakten kom kort tid etter at selskapet hadde fått kontrakt på bygging av ein 10,98 meter lang og fem meter brei fiskebåt til ein reiar i Svolvær.
Om bord er det blant anna to 175 hk Volvo Penta-motorar.
- Dette er den første fiskeriregistrerte båten vi har levert, seier Torvik.

- Eventyrleg

Han karakteriserer starten på året som heilt eventyrleg.
- Dette er ein fantastisk start på 2020, og vi har allereie signert kontraktar for om lag like mykje som vi omsette for i fjor.
Herøy-bedrifta har åtte tilsette, og arbeider med å få på plass løyve til å utvide lokala i Torvika.
- Vi treng meir plass, og om den positive utviklinga held fram, treng vi også fleire tilsette, seier Torvik.
Vi kunne ta juleferie med eit godt smil om munnen

Publisert: 13.01.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49