Eigarskifte i Skipsregnskap
TOK OVER: Skipsregnskap har fått nye eigarar etter dei tre grunnleggarane Gert Kvalsvik, Kåre Espeseth og Gunnar Sævik. Frå venstre dagleg leiar Iryna Jensen, Kari Sævik Kvalsund, Hanne Kvalsvik og Linda Espeseth.
Nytt

Eigarskifte i Skipsregnskap

Etter 35 år er det både generasjons- og eigarskifte for rekneskapsbyrået i Herøy.

21.01.2021
Med omlag 200 fiskarar og små og store fiskebåtreiarar som kundar, er det ingen som kjenner fiskerinæringa i Herøy betre enn rekneskapsbyrået Skipsregnskap.
Ved årskiftet tok dei tilsette; Iryna Jensen, Kari Sævik Kvalsund, Hanne Kvalsvik og Linda Espeseth, over eigarskapen etter grunnleggarane Gert Kvalsvik, Kåre Espeseth og Gunnar Sævik.
«Tida går fort når ein får drive med det ein trivast med, og brått kjem dagen der ein innser at ein ikkje er ungdom lenger. Gunnar gjekk over i pensjonistane sine rekker for nokre år sidan, og no – når vi nærmar oss 70 år – vil også vi (Kåre og Gert) trappe ned for å få litt meir fritid», skriv dei tre grunnleggarane i eit brev til kundane i samband med eigarskiftet.
Selskapet hadde sju millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 1,2 millionar kroner i 2019.

Vekst

Fiskeri er, og skal vere spesialiteten til Skipsregnskap, også med nye eigarar, seier dagleg leiar Iryna Jensen til NET NO.
Men planen er å vekse vidare, først og fremst innan fiskerinæringa både i og utanfor Herøy.
I første omgang kan Skipsregnskap auke kapasiteten ved hjelp av meir automatisering. I neste omgang må det vurderast om det også trengst fleire folk, ifølgje Jensen.

Møteplass

Kontoret til Skipregnskap har også vore ein uformell møteplass for fiskarar og fiskebåtreiarar. No under koronaepidemien er dørene stengde, men straks den er over vil selskapet gå attende til det gamle.
- Det er ein møteplass. Sånn har det alltid vore og sånn blir det framover også, seier Jensen.

Les også:




Det er ein møteplass. Sånn har det alltid vore og sånn blir det framover også

Publisert: 21.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12