Ei tydeleg melding til Noreg
VIL HA SATSING: NHO-sjef Ole Erik Almlid etterlyser ei tydelegare satsing på hydrogen frå regjeringa si side. 
Nytt

– Ei tydeleg melding til Noreg

NHO etterlyser auka innsats på hydrogen i Noreg.

08.07.2020
(NPK-NTB): NHO-sjef Ole Erik Almlid er imponert av EUs nye storsatsing på hydrogen. No fryktar han at Noreg skal få problem med å henge med i valsen.
– Her er det ei tydeleg melding til Noreg, seier Almlid til NTB.
Han meiner EU-kommisjonen viser veg med den nye hydrogenstrategien som vart lagt fram onsdag. I strategien blir det varsla ei storstilt industrisatsing dei kommande åra for å gjere EU verdsleiande på fornybart hydrogen.

Moglegheiter for eksport

No er Almlid bekymra for at Noreg skal bli hengjande etter.
– Her må vi verkeleg passe på at vi heng med i valsen, for hydrogen er ei kjempestor eksportmoglegheit for Noreg, der vi kan tene gode pengar og skape mange arbeidsplassar, seier Almlid til NTB.
– Det blir kravd meir innsats og at ein er meir tydeleg viss Noreg skal klare å henge med, åtvarar han.

Les også:



Meiner Noreg må sikte like høgt som EU

NHO-sjefen trekker fram den norske hydrogenstrategien som vart lagt fram av olje- og energiminister Tina Bru (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) førre månad. Medan den nye EU-strategien er «eit kjempesteg i rett retning», er den norske for lite konkret, meiner Almlid, som spesielt etterlyser ei tydelegare satsing på såkalla blått hydrogen.
– Målet må vere at Noreg skal leie an og ha minst like høge ambisjonar som EU, slår han fast.
(©NPK)

Les også:



Her må vi verkeleg passe på at vi heng med i valsen, for hydrogen er ei kjempestor eksportmoglegheit for Noreg

Publisert: 08.07.2020 17:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59