Ei ny epoke i Vartdal Plast si historie
OPNING: Ordførar Stein Aam i Ørsta klepte snora og opna det nye anlegget til Vartdal Plast på Liadal torsdag. I bakgrunnen dagleg leiar Jan Endre Vartdal.
Nytt

– Ei ny epoke i Vartdal Plast si historie

Erfaringane med å resirkulere EPS er så gode at Ørsta-bedrifta allereie under den offisielle opninga, kunne avsløre at dei vurderer fleire anlegg.

Marius Rosbach
22.10.2020
Torsdag ettermiddag inviterte Vartdal Plast til den offisielle opninga av det nye anlegget på Liadal. Ørsta-bedrifta nyttar EPS – også kalla isopor – i produkt som fiskekasser, byggisolasjon og emballasjemateriell.
Dei siste månadene har dei også samla inn EPS som dei har frakta til det nye anlegget, der råstoffet etter kvart skal bli til nye produkt. Peri dag gir anlegget to-tre ekstra arbeidsplassar, og på sikt håpar dei at det skal gi arbeid til åtte-ti personar.

Vil ha fleire anlegg

Sjølv om anlegget har vore i drift i stund var det først torsdag Ørsta-ordførar Stein Aam kunne opna anlegget offisielt ved å klippe over snora framfor porten.
– Vartdal Plast tek ansvar og det er imponerande å sjå at det ikkje berre er produksjon som skjer, men også resirkulering av dette stoffet. Som ordførar er det ei glede for meg å få lov til å opna ei ny epoke i Vartdal Plast si historie, sa Aam før gjestane fekk sleppe inn.
I samband med opninga kom det også fram at erfaringane til no, har vore så gode at dei allereie vurderer å starta opp fleire slike anlegg. Truleg vil det vere naturleg at desse kjem i tilknyting til dei andre fabrikkane deira i Egersund, Biri og Bodø.

Frå avfall til råstoff

Førebels blir EPS-en komprimert og frakta til ein gjenvinnar, for at det skal bli nytt råstoff. Men på sikt skal Vartdal-bedrifta lage nytt råstoff av det som tidlegare blei sett på som avfall.

– Når vi får samla inn nok EPS, så skal vi gjere estruderinga sjølv og lage vårt eige råstoffprodukt. Dette er berre begynnelsen på starten, sa dagleg leiar Jan Endre Vartdal under opninga.
Tanken om å gjere forretningar på det som har vore eit avfallsproblem, har vore . No har brikkene falle på plass, og dei har vore i gong i sidan mai.
– Det gjer allereie at ein del av råstoffet kjem frå resirkulert materiale, og mindre frå fossile kjelder, sa Vartdal.

– Vi må rydde opp etter oss

Eitt av Vartdal sine mantra har vore at plast ikkje er eit problem, før de kjem på avvege – og det er ikkje nødvendigvis plastprodukta sin feil.
– Det er alt for mykje som kjem på avvege. Vi må rydde opp etter oss og få alt inn i kretsløpet, understreka Jan Endre Vartdal då han innleia under opninga.
Per i dag blir drygt 85 prosent av all EPS-emballasje produsert i Norge, samla inn. Av dette går det aller meste til resirkulering, medan mindre enn ein tidel går til energiutnytting.

Les også:




Synspunkt:


Det er alt for mykje som kjem på avvege. Vi må rydde opp etter oss og få alt inn i kretsløpet

Publisert: 22.10.2020 14:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03