Ei dramatisk nedskjering
Nytt

– Ei dramatisk nedskjering

Høgskulen og sjukehuset i Volda reagerer på kuttplanar ved Hovden og påpeiker at også dei er avhengig av eit godt flytilbod.

Marius Rosbach
19.02.2020
Høgskulen og sjukehuset i Volda reagerer mot kutta Widerøe vil gjere på Oslo-ruta til og frå Hovden-flyplassen i ei felles uttale.
– Det høyrest kanskje ikkje mykje ut å misse ein avgang frå Hovden, men eitt fly mindre til og frå Hovden betyr truleg minst 20 prosent mindre kapasitet, og det er ei dramatisk nedskjering, skriv prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim ved høgskulen og klinikksjef Knut Nautvik ved sjukehuset.

Viktig for både utreise og innreise

Klinikksjefen og prorektoren reisande til og frå desse institusjonane oftare no oftare må forlenge reisa med påfølgjande kostnader. Høgskulen har no 350 tilsette og 4500 studentar, fleire enn nokon gong.
– For oss er det viktig å ha eit godt flytilbod for å kunne levere forsking og utdanning av god kvalitet, heiter det i uttalen.
Dei viser til at det både gjeld tilsette som skal reise ut og delta på arenaer andre stader i verda, studentane som skal få gjesteførelesarar utanfrå og for fagfolk som skal busette seg i regionen.

Stor auke i avgifter

Også næringslivet på søre Sunnmøre og Utviklingsforum for Ørsta-Volda lufthamn Hovden har gått ut mot reduksjonane til flyselskapet.
at auken i ei rekkje avgifter sidan 2015 har plussa på kostnadane for Widerøe sine kommersielle flyruter med 220 millionar kroner i året.
Det er såkalla kommersielle ruter som blir lagt ned. Dette er ruter Widerøe flyg utan statsstøtte.
Under dåverande samferdselsminister Ketil-Solvik Olsen (Frp) vart det i 2015 avgjort at direkteruta mellom Ørsta/Volda Lufthamn Hovden og Oslo skulle stå på eigne bein og drivast utan statstøtte frå våren 2016. Endringa vart kritisert av næringslivsrepresentantar på søre Sunnmøre, som frykta dårlegare tilbod.

Les også:





Publisert: 19.02.2020 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53