E39 Sintef ser paa autonome ferjer
SINTEF: Ved hjelp av modulferjer meiner Sintef at autonome ferjer kan vere gode og rimelege alternativ til tunnellar og bruer på E39.
Nytt

E39: Sintef ser på autonome ferjer

Sintef synst ferjefri E39 vert for dyrt med berre bruer og tunnelar.

21.11.2018
- Vi har vorte kontakta av politikarar med tilknytning til parti frå SV til Frp som har bedd oss om å sjå på autonome ferjer til bruk på E39.
- Truleg ser Frp-poltitikarane at det vert enormt dyrt med bompengar om det vert berre vert tunnelar og bruer.
Det seier seniorforskar Ørnulf Jan Rødseth ved Sintef Ocean i Trondheim.

Halsa - Kanestraum

På eige initiativ vil no Sintef sjå på mulegheitene for autonome ferjer på nokre av strekningane på ferjefri E39.
Blant anna meiner han at strekninga Halsa - Kanestraum er eit interessant prosjekt.
- Dette er ei strekning på rundt 20 minutt, seglingsmønsteret er ikkje komplisert og området er relativt godt vêrskjerma.

Verre for Nordøyvegen

Han har også merka seg debatten på Nordvestlandet om Nordøyvegen.
- Løysinga høyrest veldig dyr ut, men her er truleg ikkje autonome ferjer så aktuelt ettersom det er lengre strekningar med litt kompliserte ruter.
- Vi ser primært på kortare ferjestrekningar, og der det ikkje er så kompliserte seglingsmønster.

340 milliardar

Planane om ein ferjefri kyststamveg på Vestlandet er norgeshistorias største og dyraste vegprosjekt.
Førebels kostnad er stipulert til 340 milliardar kroner.
Målet er at reisetida mellom Kristiansand og Trondheim skal reduserast med sju timar.

- Bør ta tenkepause

Rødseth synst at ein skal ta seg ein liten tenkepause før ein går laus på nye og dyre tunnel- og bruprosjekt.
- I nokre tilfelle kan det finnast billegare og betre løysingar. Det er dette vi no skal sjå på.
Han ser for seg at ei strekning kan trafikkerast med fleire mindre og autonome ferjer som går hyppig, og der det alltid ligg ei ferje til kai, slik at bilane køyrer rett om bord.
- Dette vil vi no sjå nærare på, men her er også utfordringar knytta til sikkerheit for passasjerane.
- Kanskje må det også vere ein beredskapsansvarleg om bord.

- Kan få mange ferjer

Han meiner uansett at ein seriøst bør vurdere ferjer framfor tunnel eller bruer på fleire strekningar.
- Du kan få svært mange ferjer for kostnaden av eitt brusamband, seier Rødseth.
Han viser til at ferjeefri E39 er eit spenstig og viktig prosjekt, men det kjem til å ta lang tid og mykje pengar å realisere.
- Lastebilnæringa er heller ikkje glad for de undersjøiske tunnelane
Truleg ser Frp-poltitikarane at det vert enormt dyrt med bompengar om det vert berre tunnelar og bruer

Publisert: 21.11.2018 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28