Dyrt ineffektivt og urealistisk
FEIL TIDSPUNKT: Næringsminister Iselin Nybø står på at det er feil tidspunkt å vurdere ei regionalisering av eit nytt GIEK/Eksportkreditt. Planen er å opprette nytt hovudkontor i Grorudalen i Oslo.
Nytt

«Dyrt, ineffektivt og urealistisk»

Bergens Tidende støttar nytt hovudkontor i Ålesund og er kritiske til å flytte GIEK-arbeidsplassar to gonger. Næringsministeren gjentek at tidspunktet for flytting er feil.

Marius Rosbach
14.01.2021
Bergens Tidende tek torsdag opp saka om ny lokalisering av GIEK/Eksportkreditt på og gir si fulle støtte til å legge eit nytt hovudkontor til Ålesund og avdelingskontor til Bergen – slik .
Avisa meiner det er logisk med ein slik lokalisering av eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge og ser fleire gode argument.

«Dyrt, ineffektivt og urealistisk»

Avisa viser til svaret frå (H) – som på same vis som – har sagt at ny lokalisering kan bli vurdert på sikt – men at det ikkje er rett tidspunkt.

– Når GIEK og Eksportkreditt først skal flytte og slå seg saman, høyrest det både dyrt, ineffektivt og urealistisk ut å flytte arbeidsplassane to gongar, påpeiker avisa og ber regjeringa bør løfte blikket og vurdere kva for positive ringverknader ei ny lokalisering kan få.
Ein rekke politikarar og næringslivsfolk på Nordvestlandet har teke til orde for å opprette eit lokalkontor for den nye eininga i Ålesund, etter at i ein kronikk i Sunnmørsposten.

Kan tilføre ny kompetanse

Mellom anna viser leiaren til at det kan vere med å hente ny kompetanse som kan plasserast i den landsdelen der mesteparten av norske eksport kjem frå.
Mangel på kompetanse andre stader i landet har vore nytta som motargument for å flytte eit hovudkontor vekk frå Oslo.
NETT NO intervjua onsdag sjefen for rekrutteringsselskapet Yapril, som meiner - om det er politisk vilje.

Svara på spørsmål i Stortinget

Næringsminister Iselin Nybø (V) er også utfordra av stortingspolitikar Fredric Holen Bjørdal (Ap) om regjeringa vil ta initiativ til å opprette lokalkontor for den samanslåtte eininga langs kysten.
I til statsråden på det skriftlege spørsmålet AP-politikaren har stilt i Stortinget gjentek Nybø at det ikkje er rett tidspunkt å vurdere ei regionalisering, slik Holen Bjørdal har teke til orde for.
– Å etablere lokalkontor på eitt eller fleire andre stader vil krevje store ressursar, og dei to verksemdene har i dag til saman i underkant av 150 tilsette. I ei tid kor det eksportretta næringslivet allereie står i ein krevjande situasjon er det viktig at mest mogeleg av kapasiteten blir brukt til å hjelpe bedriftene, heiter det i svaret.
Det er i stor grad dei same argumenta som går igjen, som næringsministeren skreiv i eit onsdag.

Har merka seg engasjementet

Næringsministeren seier ho har merka seg engasjementet «frå delar av næringslivet og det politiske miljøet i Møre og Romsdal», om å etablere eit avdelingskontor i fylke.
Nybø ser ikkje vekk frå at ei organisering med fleire lokalkontor kan vere aktuelt på eit seinare tidspunkt, konklusjonen er altså at ressursane no må nyttast til å gjere den nye eininga best mogleg i stand til å hjelpe næringslivet gjennom den pågåande krisa.
I svaret går ikkje næringsministeren inn på spørsmålet om å legge hovudkontoret i den nye eininga til Ålesund, og eit lokalkontor til Bergen.

Meir om saka:


Espen Sundgot:



Synspunkt

:

Orten om GIEK-lokalisering:




Publisert: 14.01.2021 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11