Du maa investere i dei du har
UTVIKLE EIGNE FOLK: Bedriftene må spørje seg kva kompetansen dei treng fem-ti år fram i tid og planlegge utvikling av arbeidsstokken for å nå dei måla, meiner Knut Aasebø.
Nytt

- Du må investere i dei du har

Det er ikkje nok folk til at alle bedrifter kan skaffe seg den kompetansen dei manglar berre ved å fylle på med nytilsette, meiner Knut Aasebø.

17.10.2019
Den tidlegare HR-sjef i Farstad Shipping og Vard er ikkje forbausa over 80 prosent av bedriftene i den maritime klynga svarar heilt eller delvis ja på at dei manglar kompetanse i eigne rekker. Folk som kan digitalisiering står aller høgst på ønskelista.

Aasebø har vore prosjektleiar for eit prosjekt som har sett på korleis digitaliseringa formar arbeidslivet i Møre og Roimsdal.

- Dette seier mange ting som er samanfallande med det vi har arbeidd med i dette prosjektet, seier Aasebø.

Må utvikle arbeidsstokken

Men Aasebø trur ikkje det er råd å løyse utfordringa berre ved å satse på å tilsette nye folk.
-Noreg slit både med ingeniørkompetanse og digital kompetanse. Viss du ser på den demografiske utviklinga så er dette krevande, seier Aasebø.
Den demografiske utviklinga er at gjennomsnittsalderen går opp. Det betyr at det ikkje er ein aukande mengde unge, nyutdanna mengde med folk på veg inn i arbeidslivet. Sidan dei største byane - med Oslo i spissen - lokkar til seg unge frå heile landet er den demografiske utfordringa ekstra stor i resten av landet.
- Svaret er at du må investere i dei du har, seier Aasebø.

Må planlegge

Aasebø meiner næringslivet har forsømt seg når det gjeld planlegging av samansetting og utvikling av arbeidsstokken. Det er naudsynt å spørje seg kva som må til av kompetansen fem- ti år fram i tid.
Arbeidstakarane må også bu seg på at digitaliseringa gjer at endringane kjem oftare og kjappare. Blir du i same bedrift heile livet kan du vere sikkert på at oppgåvene du hadde då du starta ikkje er dei same som når du går ut i pensjon, sa han til NETT NO då digitalisering-prosjektet starta i 2018.

Publisert: 17.10.2019 17:59

Sist oppdatert: 10.06.2021 12:14