Du kan styre det meste med stemma
AMAZON: Andrea Muttoni frå Amazon Alexa meiner at bruk av tale vil overta for mange oppgåver der ein i dag brukar pc.
Nytt

- Du kan styre det meste med stemma

I dag kan du slå på lyset, spele musikk og låse portar berre med bruk av stemma. Dette er berre starten, meiner Amazon.

15.02.2018
Under Future Talks-konferansen i Ålesund torsdag, slo Andrea Muttoni i Amazon Alexia fast at snart kan ein bruke stemma til dei aller fleste typer tenester.
- Bruk av stemma har alltid vore den mest vanlege måten å kommunisere på for menneske. Poenget er at vi no overfører tale til teknologi.

- Berre i startfasen

Han viste til at utviklinga har gått frå tekst til ‘push’, og neste steg er tale.
- Vi er berre i startfasen på denne nye fasen, men mulegheitene er enorme.
Les her:
Muttoni sa at for mange kan det vere merkeleg å snakke med ein dings.
- Men dette er berre ein overgang. Det viktige er at det fungerer, og lettar kvardagen for folk.
- I staden for å opne mobilen og leite fram ein app, kan du med Alexa gjere heile jobben med stemma.

Tredje størst

Amazon er verdas største leverandør av tenester i skya. Det Seattle-baserte selskapet gjekk denne veka forbi Microsoft i verdi, og vert no verdsett til 702 milliardar US dollar. Dette gjer Amazon til det tredje mest verdifulle selskapet i verda, og grunnleggjaren Jeff Bazoz til verdas rikaste.
Amazon satsar no stort på Alexa, eit talande operatvisystem, der det vert utvikla stadig nye mulegheiter til å snakke med hushaldningsapparat og andre instrument.
For at skytenesta Alexa skal fungere, kan ein velje å kjøpe inn Echo, som er ein smart høgtalar og mikrofon i kombinasjon som responderer på namnet til datasystemet Alexa.

- Må lære opp Alexa

Alexa er også på veg inn i restaurantar, hotellrom og TV-apparat.
Muttoni bad alle om å vere med på å utvikle tenesten.
- Vi må lære opp Alexa. Det er berre fantasien som set grenser.
Vi må lære opp Alexa. Det er berre fantasien som set grenser

Publisert: 15.02.2018 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18