Droppar A Alesund og Geiranger paa jomfruturen
KLEVEN: Hektisk sluttspurt med ferdiggjering av Roald Amundsen, men ein klarde det ikkje i tide. No startar jomfruturen i Tromsø, ikkje i Hamburg.
Nytt

Droppar Ålesund og Geiranger på jomfruturen

Hurtigruten tok ikkje sjansen på å sende eit uferdig skip på jomfrutur, men det stod berre om dagar etter ein hektisk innspurt på Kleven.

25.06.2019
- I løpet av helga har arbeidet med dei siste detaljane om bord ikkje gått så raskt som vi forventa. Det betyr at vi dessverre må justere planane for jomfruturen, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten.
Jomfruturen startar dermed 3. juli i Tromsø, og ikkje 27. juni i Hamburg.
Dette betyr også at Geiranger og Ålesund likevel ikkje får besøk av ekspedisjonscruiseskipet på jomfruturen.
Derimot er tur nummer to planlagt å gå innom Ålesund og Geiranger, truleg vil det skje 14. juli.

Kraftig rabattert pris

Planen var at rundt 500 passasjerar, dei aller fleste tyske, skulle gå om bord i skipet i Hamburg 27. juni, og at ein deretter skulle segle vidare til Bergen, før stopp i Ålesund og Geiranger 1. juli.
Men no vert ruteplanen endra, slik at den 15 dagar lange turen vert forkorta ned til ni dagar, og passasjerane får tilbod om ein kraftig rabattert pris, truleg 75 prosent, om dei ønskjer å vere med på turen frå Tromsø.
Deretter går turen til Kirkenes, Honningsvåg, Hammerfest, Reine, Brønnøysund, Kristiansund og Molde, før retur til Hamburg.

- Ikkje alternativ med kansellering

Rune Thomas Ege seier at det var aldri eit alternativ å setje eit uferdig skip i drift.
- Det var heller ikkje eit alternativ å kansellere jomfruturen. I staden har vi justert planen for den første reisa, og startar eit par dagar seinare i MS Roald Amundsens heimby Tromsø, seier Ege.
Ege seier at ein gler seg til å ønske dei første gjestane velkomne om bord i verdas første hybriddrevne cruiseskip.
- Med store batteripakkar og banebrytande grøn teknologi skal MS Roald Amundsen utforske nokre av verdas mest spektakulære område. Det startar med jomfruturen langs norskekysten.

Tredje utsetjing

Frå Kleven til Hamburg tek det 38-40 timar for eit skip som går i 14 knops fart, slik at skipet måtta ha gått seinast onsdag morgon om jomfruturen skulle gå etter planen.
Lenge var det planen at ei rekkje arbeidarar skulle vere med på turen frå Kleven til hamburg for å leggje siste finpussen, men dette vart det ikkje noko av etter at det oppstod nye uventa problem sist helg.
Det er forøvrig tredje gongen at jomfruturen ikkje går etter planen ettersom dei to første vart kansellerte etter forseinkingar på Kleven.
Minste pris per person var i utgangspunktet på 44.157 kroner, men det inkluderte fullpensjon, foreslesingar av ekspedisjonsteamet og eigne vind- og regntette jakker.
No er det ikkje klart kor mange som vert med frå Tromsø til 25 prosent av opphavleg pris.

Dyrt, men flott skip

Dei som stiller har tre restaurantar å velje mellom om bord der det skal vere menyar som reflekterar råvarene og maten på reisemåla.
Om bord er det også eige bassengdekk inkluderer basseng, boblebad og barar.
Det 140 meter lange og 23,6 meter breie ekspedisjonscruiseskipet skulle i utgangspunktet koste rundt 1,3 milliardar kroner, men er no truleg oppe i ein pris som er rundt ein halv milliard kroner høgare.

Publisert: 25.06.2019 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36