Drivarselskapet til Shell stasjonar konkurs
ØRSTA: Det konkursråka selskapet dreiv åtte Shell-stasjonar på Nordvestlandet, mellom anna her i Ørsta. To lokale selskap har no teke over drifta.
Nytt

Drivarselskapet til Shell-stasjonar konkurs

Nye eigarar for kring 80 tilsette ved åtte bensinstasjonar på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
12.10.2020
Fjell og Fjord Stasjonsdrift har meldt oppbod og selskapet er teke under konkursbehandling i Sunnmøre tingrett, ifølgje ei frå Brønnøysundregistera.
Ålesund-selskapet har vore franchisetakar for åtte Shell-stasjonar over heile Nordvestlandet i Ulsteinvik, Ørsta, Åndalsnes, Vestnes, Kristiansund, Molde og Vegsund i Ålesund.
Konkursen får ikkje følgjer for den daglege drifta, og nye lokale drivarar er kome på plass ved alle stasjonane.

Nye eigarar er gått inn

Styreleiar og dagleg leiar Tommy Larsen i Fjell og Fjord Stasjonsdrift fortel at han er ute av drifta, og at det er no er selskapa Lotus Energi og RS Retail AS som står for drifta.
– Det er nye private eigarar som har gått inn med kapital, og dei delar på drifta av stasjonane. Dei har også teke over alle dei tilsette, fortel Larsen til NETT NO.
Begge selskapa er registrert i Ålesund, og sistnemnte er frå før involvert i drifta av Shell-stasjonen på Lerstad. Lotus Energi driv fem stasjonar vidare, og RS Retail har tre stasjonar, og dei driftar via franchiseavtalar med ST1-konsernet.

– Marginane blei for små

Larsen fortel at drifta i konkursråka Fjell og Fjord Stasjonsdrift i fjor og i år, blei for vanskeleg til at dei såg det var mogleg å halde fram.
– Marginane blei for små og vi fekk ikkje den marknadsstøtta vi hadde håpt på, seier han til NETT NO.
I for 2019 går det fram at styret er bekymra over raude tal i rekneskapen. Det blir påpeika at resultata må «forbetre seg omgåande i 2020, viss vidare drift skal vere forsvarleg».
Det blei sett i verk sparetiltak for å sikre eigenkapital og vidare drift, men i slutten av førre veke var det slutt. Selskapet hadde 83 tilsette ved utløpet av fjoråret, som altså ikkje blir råka av konkursen.

Samla underskott siste fem år

Fjell og Fjord Stasjonsdrift har dei siste åra omsett for kring 80 millionar kroner, men lønnsemda har vore laber.
Fjoråret enda med eit underskott 1,7 millionar kroner frå ei omsetning på 83,5 millionar kroner, som er det dårlegaste resultatet dei har hatt. Rekneskapane for åra 2015-2019 viser eit samla eit minusresultat på 863.000 kroner.
NETT NO har ikkje fått kontakt med bustyrar er Axel Villads Lange måndag føremiddag. Første skiftesamling går i Sunnmøre tingrett 16. november.

Les også:




Marginane blei for små og vi fekk ikkje den marknadsstøtta vi hadde håpt på

Publisert: 12.10.2020 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03