Dramatisk endring i kapitalmarknaden
STORE VERDIAR: Korleis oppdrettsnæringa handterer fiskehelse- og miljøproblem har store økonomiske konsekvensar, sa Tore Tønseth Sparebank1 Markets og Liv Monica Stubholt Advokatfirmaet Selmer på Patogen sitt årlege fiskehelseseminar i dag.
Nytt

Dramatisk endring i kapitalmarknaden

Selskap som ikkje tek omsyn til miljø- og samfunnsansvar kan bli hardt straffa i kapitalmarknaden.

23.05.2019
- Det som har skjedd dei siste fem - seks åra er ganske dramatisk, seier analytikar Tore Tønseth i Sparebank1 Markets.
I aukande grad stiller kundane til store investorar, mellom anna pensjonsfond, krav om at det dei investerer i også innfrir krav knytt til miljø og drift. Det er ei utvikling som har auka på, som i dag har ein merkbar effekt i kapitalmarknaden, og som vil blir forsterka framover i følgje Tønseth.
Saman med partnar Liv Monica Stubholt i Advokatfirmaet Selmer innleia Tønseth fiskehelseselskapet Patogen sitt årlege fagseminar, Pathos Forum, i Ålesund i dag.

20 prosent meir verdt

God fiskehelse eller ikkje er teikn på kvaliteten på drifta, og slår kraftig ut i verdsettinga av oppdrettselskap.
- Forskjellen mellom god og dårleg fiskehelse kan vere så mykje som 20 prosent for eit selskap, seier Tønseth.
Fiskehelseproblem driv kostnadane i oppdrettsnæringa opp. Kostnaden knytt til bekjemping av lakselus er på fem til ti milliardar kroner i året, anslår Tønseth.

Må vere i forkant

Liv Monica Stubholt oppmoda oppdrettsnæringa om å vere aktiv i debatten om næringa, ta til motmæle mot feilaktige opplysningar, men samstundes erkjenne og bekjempe dei reelle problema som er.
- De må kjempe for alt de har kjært. Det er ikkje berre vener der ute, seier ho.
Det som står på spel er omdømmet, som mellom anna har betydning for sjansen til vidare vekst og faren for restriksjonar som vil begrense produksjonen.

Sjette i rekke

Årets Pathos Forum er det sjette i rekka, og samlar rundt 120 deltakarar.
Det er eit fagseminar over to dagar, der overvaking av og tiltak for å løyse fiskehelseproblem er tema.


Publisert: 23.05.2019 12:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35