Dragkamp om kvotar for halv milliard
GOD STEMNING FØR: Då "Torbas" blei overlevert i januar 2015 var det god stemning blant eigarane. No er båten seld.
Nytt

Dragkamp om kvotar for halv milliard

Agnar Lyng vil drive Torbas-reiarlaget vidare saman med Kvalsvikfamilien, men dei er ikkje blitt samde om korleis broren Tore Lyng skal løysast ut.

30.06.2017
- Vi byrja med dette her i fjor haust og vi er ikkje blitt einige enno, seier Agnar Lyng.
I 2015 fekk partnarane Tore Lyng (39,96 prosent), Agnar Lyng (39,96 prosent), Sigmund Magnus Kvalsvik (6,82), Per Jan Kvalsvik (6,61 prosent) og Marvin Kvalsvik (6,61 prosent) overlevert den kombinerte ringnotsnurparen og pelagiske trålaren Torbas til 200 millionar kroner. Dei fem eigde båten gjennom selskapet Torbas as.
Båten fiska sild og makrell og andre pelagiske fiskeslag.

I vinter vart den seld til Færøyane. Ein relativt ordknapp Agnar Lyng seier styret i selskapet beslutta salet.
No ser selskapet seg om etter ein brukt båt for å drive fiske vidare. Men først må situasjonen avklarast på eigarsida.

Halv milliard

Det har aksjonærane førebels ikkje lukkast med.
Ein av grunnane til at det går tregt er truleg at det er snakk om fordeling av store verdiar.
Etter det NETT NO har grunn til å tru er marknadsprisen for den kvoten Torbas-reiarlaget sit med (535,5 basistonn) i nærleiken av ein halv milliard kroner. Dersom Tore Lyng tek utgangspunkt i den verdien, utgjer hans andel av kvoten i Torbas-reiarlaget over 200 millionar kroner.
Basistonn er ein målestokk for kor stor andel av den totale fiskekvoten kvar båt får fiske.

Eig ein båt til

Gjennom selskapet Torbas Invest eig Lyng-brødrene og Kvalsvik-familien også ringnotbåten Gambler. Fordelinga av eigarskapet der er det same som i Torbas.
Gambler har ein kvote på litt under 400 basistonn.
Dei to båtane blei operert med same mannskapet, slik at begge to aldri var i drift samstundes. Det langsiktige målet er å samle alle kvotane på eitt farty i følgje Agnar Lyng. Før det blir beslutta vil han ha avklaring på om at dei i så fall får behalde kvotane utan avkorting, og om det blir lov å samle større kvotar på eitt farty enn i dag. Under dagens regelverk er grensa 850 basistonn.

Stoppa rekesatsing

Lyng- og Kvalsvik-familien har også drive rekefiske i lag, med reketrålaren "Kvalstein". Det blei avlyst i fjor haust etter vel eitt års drift.

Båten vart for liten, og hadde ikkje stor nok fangstkapasitet til at rekefisket vart lønsamt nok.
NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Tore Lyng.
Vi byrja med dette her i fjor haust og vi er ikkje blitt einige enno

Publisert: 30.06.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11