Domstein Holding fraa minus til pluss
I PLUSS: SjømatgrossistenDomstein Sjømat har fem år på rad med underskot bak seg, før selskapet fekk overskot i fjor. Domstein Sjømat er den største verksemda i Domstein Holding konsernet, som Rolf Domstein eig saman med brødrene Gunnar og Knut Magne.
Nytt

Domstein Holding frå minus til pluss

Betra lønsemd i hovudverksemda snudde minus til pluss for Domstein Holding-konsernet, og selskapet vil halde oppe lønsemda sjølv om koronakrisa gir salssvikt.

04.06.2020
Gjennom Domstein Sjømat levere Domsteinkonsernet fisk og andre sjømatprodukt til butikkar, restaurantar og storkjøkken i Noreg og Sverige. Med 591 millionar kroner i driftsinntekter er Domstein Sjømat det største og viktigaste selskapet i konsernet.
Auka sal, samstudes som lønskostnadane var stabile, gjorde at Domstein Sjømat gjekk frå minus 20,1 til pluss 5,4 millionar kroner i resultat før skatt frå 2018 til 2019. Den resultatforbetring sika og at selskapet kom på pluss-sida i 2019, etter minus i 2018 (sjå tabell).
I år har koronakrisa ført til salssvikt i hotell og restaurantmarknaden, som utgjer omlag ein fjerdepart av driftsinntekten til Domstein Sjømat, og 38 tilsette er permittert. Rolf Domstein, som er dagleg leiar i Domstein Sjømat og styreleiar i konsernet, seier kostnadskutt gjer at salssvikten ikkje går ut over lønsemda.

Tap på utanlandssatsing

Den nest største verksemda i Domsteinkonsernet er mellom anna sal av agn til lineflåten gjennom Domstein Fish, som hadde ei klar resultatforverring frå 2018 til 2019, frå 12, millionar til 4,7 millionar kroner i driftsresultat.
Det er tap på satsing på trading av fisk og sjømatprodukt i Domstein Fish som trekkjer resultatet ned. Selskapet har avvikla tradingverksemda den tapte på i følgje årsrapporten til Domstein Holding.

Familieselskap

Domstein Holding er eigd av brødrene Rolf, Gunnar og Knut Magne Domstein og alle tre arbeider i dag i konsernet, seier styreleiar Rolf Domstein.
Konsernet har vore eigar både i oppdrett og fiskeindustri, men er no nesten ein reindyrka handelsselskap. Friarar er selskapet ikkje på jakt etter.
- I den verksemda vi driv med i dag passar det godt for Domsteinkonsernet å drive åleine, seier Rolf Domstein

Publisert: 04.06.2020 18:00

Sist oppdatert: 30.06.2021 06:54