Dokumentasjonssenter sjef paa plass
KLART: Kronprins Haakon under den internasjonale forskarkonferansen om marine protein i Ålesund i 2016. Der var behovet for behovet for å dokumentere helseeffektar av fiskeprotein og omega 3 eit tema. No har bransjen fått på plass ein leiar for senteret som skal få fram dokumentasjonen. 
Nytt

Dokumentasjonssenter-sjef på plass

Svein Erik Gaustad skal leie arbeidet med å dokumentere helseeffektar av omega 3- og fiskeprotein.

13.03.2018
Klyngeorganisasjonen Blue Legasea har arbeidd sidan våren 2017 med å etablere eit nasjonalt senter for å kartlegge og samle dokumentasjon om helseffektar av omega 3- og proteinprodukt frå fisk- og marine organismar.
No er den siste biten på å starte arbeidet på plass, i og med at Svein Erik Gaustad er tilsett som prosjektleiar. Han startar i mai.

Treng dokumentasjon

Den biomarine industrien som vidareforedlar avskjær og anna restråstoff frå fisk- og marine organismar har etterlyst meir dokumentasjon på helseffekta av produkta sine.

Slik dokumentasjon er avgjerande for å vinne innpass i nye marknadar og for korleis industrien kan selje og marknadsføre produkta sine.

Senteret skal både kartlegge dokumentasjon som allereie finnes og drive fram arbeidet for å skaffe ny kunnskap.

Variert erfaring

Gaustad er fødd i 1978, har mastergrad i fiskefysiologi/fiskehelse ved NTNU og doktorgrad i medisin der han studerte korleis helsa til menneske og dyr blir påverka av stressfaktorar som auka trykk og oksygennivå. Sidan 2012 har han vore tilknytta K.G. Jebsen Center for Exercise in Medicine (CERG) ved NTNU i Trondheim.
Gaustad har administrativ erfaring som dagleg leiar for kondisjonsprosjektet HUNT og prosjektleiar for prosjektet Generasjon 100, som er verdas største treningstudie for eldre.
Han er også medeigar og gründer i selskapet Marvita, som skal undersøke helsebringande komponentar i tang og tare.

Publisert: 13.03.2018 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19