Dokumentasjonsenter start etter paaske
BRA INTERESSE: I neste veke går fristen ut for å søkje på jobben med å bygge opp eit nasjonalt senter for dokumentasjon av helseeffektar av omega 3- og fiskeprotein-produkt. Dagleg leiar Wenche Uksnøy i klyngeorganisasjonen Blue Leagsea seier det er god respons på stillingsutlysninga.
Nytt

Dokumentasjonsenter-start etter påske

Ei løyving på 1,7 millionar kroner frå fylket gjer at marine-ingrediensindustrien får dokumentasjonssenteret den har ønskja seg.

09.01.2018
Klyngeorganisasjonen Blue Legasea har arbeidd med planane om eit nasjonalt senter for å kartlegge og samle dokumentasjon om helseffektar av omega 3- og proteinprodukt frå fisk- og marine organismar sidan våren 2017. Blue Legasea er et klyngesamarbeid for dei biomarine bedriftene, som har eit tyngdepunkt på Nordvestlandet.
I fjor sommar sa Sparebanken Møre ja til å støtte satsinga med ein halv million kroner å året i tre år, gitt at også industrien ville bidra.
I september 2017 hadde 22 bedrifter i klynga sagt ja til å stille med til saman 200.000 kroner, og i desember kom fylket med ei løyving på 1,7 miillionar kroner, fordelt over tre år.

Bra respons

Straks støtta frå fylket var på plass blei stillinga som prosjektleiar lyst ut, i første omgang for eitt år.
Dette er ein jobb som krev relevant master- eller doktorgrad, i tillegg til at vedkomande som får jobben også skal drive prosjektet framover.
Dagleg leiar Wenche Uksnøy seier det har vore god respons på utlysninga.
- Vi får på plass ein bra person, seier ho.

Etter påske

Uksnøy reknar med at arbeidet i senteret kan vere i drift etter påske i år.
Den biomarine industrien som vidareforedlar avskjær og ann restråstoff frå fisk- og marine organismar har etterlyst meir dokumentasjon på helseffekta av produkta sine.
Slik dokumentasjon er avgjerande for å vinne innpass i nye marknadar og for korleis industrien kan selje og marknadsføre produkta sine.

Trenger forskning

Den biomarine industrien har ei langt historien i å utvikle omega 3-produkt, men har dei siste åra satsa mykje på å utvikle også proteinprodukt.
Styreleiar Odd Gjørtz i Blue Legase sa til NETT NO i 2015 at det var naudsynt med å få ein massiv dokumentasjon for å kartlegge helseeffekttane av fiskeprotein.

Publisert: 09.01.2018 11:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17