Dokke faar ikkje lov aa bu her og vere passive
Nytt

- Dokke får ikkje lov å bu her og vere passive

Etter 30 år i Norge trudde ho at ho hadde sett det meste. Men det var før Silvija Seres tok flyet til Ørsta Volda lufthamn på Hovden.

17.10.2018
- Det var rett og slett sjokkerande vakkert.
Matematikaren og teknologiinvestoren var hovudinnleiar under den nasjonale Bylivkonferansen i Ulsteinvik onsdag.
Seres er opphaveleg frå Serbia, har jobba i Microsoft og i fleire andre av dei leiande IT- og teknologiselskapa. Ho er styremedlem i ei rekkje store selskap og er også kjend for podcast-serien «De som bygger det nye Norge».

- Må vidareutvikle perla

Ho meiner sjølv at ho er gladare i Norge enn dei fleste nordmenn, og meiner at mange ikkje heilt forstår kor heldige vi er som bur i eit slikt land.
- Det var kvitt og grønt og blått. Det var fjell og fjord. Det var voldsomt vakkert, sa ho om innflyginga til Hovden.
Ho hadde ei klar oppfordring til dei mange i salen:
- Dokke som er så heldige å få bu her får rett og slett ikkje lov å vere passive. Dokke må vere aktive for å vidareutvikle den perla dokke bur i.

- Må verne om data

Seres skulle i utgangspunktet snakke om 'attraktive stader som konkurransefortrinn', men hadde mest fokus på farene og mulegheitene i den teknologiske utviklinga.
- Vi er midt inne i den fjerde industrielle revolusjon. Det er ikkje snakk om ein Gutenberg, men der tolv Gutenbergar skjer samstundes.
Ho var opptatt av å verne om styrken i den norske samfunnsmodellen, og var blant anna uroleg for at nordmenn, både privatpersonar og foretak, altfor lett gav frå seg data.
- Norge har verdas beste offentlege data, og folket har tillit til data og gir det lett frå seg.
- Vi må ta betre vare på desse datamengdene, og ikkje automatisk gi det vekk til internasjonale private aktørar som er opptatt av å utnytte datamengda til å tene pengar.

- Må verne om det offentlege helsevesenet

Ho viste til at eit selskap som Amazon no satsar stort på helsedata, og meinte at det var viktig å verne om det offentelge helsetilbodet.
- Eg vil mykje heller at det norske helsevesenet skal sitje på mine helsedata enn Amazon.
- Dette dreier seg også om at alle skal ha like god tilgang til helsetenester i det norske samfunnet, og at ikkje berre dei rikaste skal ha råd til den beste tenesta.
Ho viste til at utviklinga skjedde svært fort.
- I dag er det like mykje data i ein vanleg mobiltelefon som den datamengda NASA sat på då dei første menneska vart sende til månen.
Ho åtvara mot ei verd der Google bestemmer kva ein skal vite og kva ein skal kjøpe, og meinte at det trengst reguleringar for å hindre at vinnaren tek det heile.
- Det hastar å ta ein aktiv posisjon, tida er inne til å tenke proteksjonisme, i alle fall slik at vi vernar om våre data, og på den måten sjølve kan levere endå betre tenester.

Fandenivoldske nordmenn

Ho trudde at nordmenn var i stand til å stå imot og peike ut ei retning som var bra for Norge.
- Det unike med nordmenn er at dei er så fandenivoldske, at ein må jobbe smartare enn andre for å lukkast.
- Der trykket frå omgivelsane er hardast, vert også resultatet som originalast, sa Seres.

- Må velje retning

Ho meinte at det låg masse mulegheiter i å ta i bruk dei nye teknologiane, så lenge ein hadde tatt eit retningsval og visste kvar ein ville.
- Det er viktig å ha mot nok til å gå i ei retning som ikkje er superpresis, men som ein likevel trur er rett retning.
Ho meinte det var betre å ta dristige val i staden for å vente.
- Dokke såg korleis det gjekk med Nokia. Leiiinga gjorde ikkje noko feil, men dei venta og såg korleis det gjekk då smart-telefonen kom.
- Mange leiarar gjer for få feil, og då stoppar det opp.

- Eit dyr

Ho har sjølv arbeidd i Silicon Valley, og var opptatt av at vi ikkje sette oss på Silicon Valley-toget.
- Det er eit dyr som berre er opptatt av å tene pengar.
- Toga går heile tida. Vi skal på vårt eige tog, og det toget vi kan styre sjølv, sa Seres og minte samstundes om at høg fart ikkje er noko erstatning for retning.
- Det er det siste som avgjer om vi lukkast eller ei.
Eg vil mykje heller at det norske helsevesenet skal sitje på mine helsedata enn Amazon

Publisert: 17.10.2018 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27