Doblar produksjonen halverer arbeidstida
MÅ TIL: Automatisering gjer at Vik Ørsta produserer meir med færre folk. I dag kan bedrifta konkurrere med kven som helst. Utan automatiseringa hadde store deler av produksjonen vore flytta til utlandet meiner administerande direktør Kjetil Nesset. 
Nytt

Doblar produksjonen, halverer arbeidstida

Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset har klar ei produksjonsline som lagar dobbelt så mange lysmaster med halvparten så mange arbeidstimar.

03.03.2017
- Det er ikkje berre den mest avanserte vi har, det er den mest avanserte nokon har, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta om den nye produksjonslina.
Produksjonslina er allereie sett opp og testa i eit leigd produksjonslokale i Ørsta. No blir den demontert og flytta til Vik Ørsta sitt anlegg i Skorgeura i Ørsta, der den erstattar den gamle produksjonslina.
Det er ei investering på rundt 20 millionar kroner, og det prosjektet Vik Ørsta arbeider med no, som gir den desidert største produktivitetsgevinsten.

Automatisering og robotar

Robotar og automatisering er stikkord for investeringane i Vik Ørsta.

Samanlikna med årsskiftet 2009/2010 brukar Vik Ørsta rundt 20 prosent færre timar, og lønskostnadane er cirka 10 prosent lavare. Det har skjedd samstundes med at produksjonvolumet har gått opp.
- Det gjer at vi i stor grad kan konkurrere med kven som helst uansett kvar dei produserer, seier Nesset.
Effektiviseringa som robotane og ein meir automatisert produksjon fører til bidrar og til at Vik Ørsta i aukande grad leverer til andre selskap i Saferoad-konsernet utanfor Noreg. Rundt ti prosent av varene blir eksportert til kundar, og omlag like mykje er leveransar til utanlandske søsterselskap.

Utflagging alternativet

Neste større prosjekt på lista for Vik Ørsta er meir automatisering av produksjonen av autovernskinner. Den foregår på anlegget i Vik i Sogn. Ein person styrer første delen av produksjonen, som leverer 800.000 meter skinner i året.
Neste del, blant anna behandlinga av skinnene for at dei skal tole ver og vind, er meir manuell. Det er den delen av prosessen det blir investert rundt seks millionar kroner i for å gjere meir automatisk.
Vik Ørsta har i dag 270 tilsette, fordelt på 75 i Sogn og 195 på to anlegg og administrasjon i Ørsta. Det er 35 færre enn for seks/sju år sidan, men nedbemanning har kome gjennom naturleg avgang og alternativet til automatiseringa hadde vore langt verre, meiner Nesset.
- Då trur eg ein stor del av produksjonen vår hadde vore outsourca, seier han.

Satsar på eigne folk

Vik Ørsta har tre personar som arbeider med å utvikle verkty og programvare for å kunne automatisere og ta i bruk robotar. Det handlar om å ta i bruk kjent teknologi og utstyr, og tilpasse det til Vik Ørsta sin produksjon.
- Vi vurderer det heilt nødvendig å ha den kompetansen sjølv, seier Nesset.

Gode utsikter

Trafikksikringsutstyr som autovern og midt-delarar utgjer rundt halvparten av driftsinntektene for Vik Ørsta. Resten er delt nokonlunde likt mellom lysmaster og bergsikringsutstyr (for skjeringar og tunnelar) og marina-anlegg.
Rundt 75 prosent av driftsinntektene er knytt til politiske vedtatte samferdselstiltak anslår Nesset, og nett no ser det veldig bra ut framover, meiner han.
Spesielt bra er signala om opprusting av eksisterande vegar.
- Ei god prioritering frå politikarane si side. Det er på det gamle vegnettet dødsulykkene skjer. Det er veldig viktig for trafikktryggleiken og positivt for oss som leverandør av trafikktryggleiksutstyr, seier Nesset.
Det gjer at vi i stor grad kan konkurrere med kven som helst uansett kvar dei produserer

Publisert: 03.03.2017 15:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06