Dobla prisen paa Hoven
AVDUKING: Dronning Sonja og hotelldirektør Richard Grov ved avdukinga av hestesko-skulpturen på toppen av Hoven i dag. 65.000 reisande må til på årsbasis for å gå i balanse.  
Nytt

Dobla prisen på Hoven

Prislappen på Hoven-utbygginga kryp over 300 millionar kroner, dobbelt så mykje som opphavleg berekna.

23.08.2017
I dag var ein stolt og glad Richard Grov vert for Dronning Sonja under opninga av gondolbana i Loen.
- Det er fantastisk å oppleve at Dronninga tek turen hit til oss. Det er vi veldig glad for, seier Grov.

Over 200 gjester var invitert til lunsj i restauranten på toppen, etter at Dronning Sonja sto for opning omkransa av fleire hundre tilskodarar ved nedre heisstasjon og tok den første offisielle turen opp til topps.
Artikkelen blir oppdatert
I kveld er det konsert på toppen, og i morgon opna bana for vanleg trafikk.
Les fleire artiklar for NETT NOs dekning av gondolprosjektet i Loen under Relaterte saker.

Starta på 150 millionar kroner

Då Grov og resten av initiativtakarane bestemt seg for å gjere alvor av byggeplanane var kostnadane berekna til 150 millionar kroner, noko som ville krevje rundt 40.000 reisande i året for å drive anlegget i balanse.
No er prislappen passert 300 millionar, seier Grov. Det betyr at selskapet må ta cirka 65.000 reisande til topps på årsbasis for å drive i balanse.


I år er forventingane 40.000 reisande.

Hotellet og Nordfjord Kjøtt

Richard Grov har vore den store pådrivaren i for utbygginga, men har hatt ein god alliert i Geir Egil Roksvåg. I desember i 2016 kom også sveitsiske Garaventa AG inn som medeigar. Garaventa gjekk inn med 25,7 millionar kroner og er tredje største eigar med ei aksjepost på 20 prosent. Stryn kommune er fjerde største aksjonær.
Ved kapitalutvidinga i fjor var kostnadsanslaget 267,5 millionar.
Ved opning er det ein del mindre arbeid med ferdigjering av heile anlegget som står att, mellom anna ved parkeringsplassen ved nedre heisstasjon.

Publisert: 23.08.2017 12:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10