Dobbel fergekontrakt til Vard
600 MILLIONAR: Ferjekontrakten med Torghatten er på cirka 600 millionar kroner. 
Nytt

Dobbel fergekontrakt til Vard

Torghatten Nord bestiller to nye ferger hos Vard. 

01.01.2019
Kontraktsverdien er på til saman cirka 600 millionar kroner ifølgje ei børsmelding.

Fergene er teikna av Fiskerstrand Verft-konsernet sitt designselskap Multi Maritime og skal leverast frå Vard Breivik i tredje og fjerde kvartal i 2018.

Batteri og gass

Torghatten Nord skal sette dei to ferjene i trafikk på strekninga Halhjem - Sandvikvåg på E39 sør for Bergen.
Det er ei strekning som tek over ein halv time å segle og ferjene blir utstyrt med batteri som kan ladast frå land og får i tillegg gassdrivne aggretat som skal sikre nok energi til kontinuerleg drift.
Ferjene blir 130 meter lange med plass til 180 bilar på hovuddekket og 550 passasjerar.

Tek over etter Fjord 1

I dag er det Fjord 1 som trafikkerer Halhjem - Sandvikvåg, men Fjord 1 tapte ifjor konkurransen om komande driftsperiode, som er på åtte år med opsjonar om forlenging i fem gangar eitt år.
Også Fjord 1 er på jakt etter fleire ferjer, i tillegg til dei som blei tinga i fjor. Kor mange blir klart når det er klart kor mange samband Fjord 1 vinn når Hordaland Fylkeskommune i starten av året har avgjort kven som får jobben med å trafikkere fleire fylkeskommunale samband.

Publisert: 01.01.2019 19:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05