Do krise i Olden
OLDEN: Passasjerane på MSG Magnificia og andre cruiseskio som kjem til Olden, gjer lurast i å gå på do om bord. 
Nytt

Do-krise i Olden

Cruiseturistane som går i land i Olden i Nordfjord, får fort eit problem om dei må på do.

09.08.2018
NPK: Køane til det eine offentlege toalettet i bygda blir ofte frustrerande lange, fortel NRK.
Samla er det venta 165.000 cruiseturistar til den vesle bygda i år, og presset på toalettfasilitetane blir stort når dei kjem i land i tusental. Den 1. august var det 9.000 cruiseturistar i Olden på éin dag, noko som er rekord.
Somme turistar prøver å løyse problemet ved å spørje om å få låne toalett i butikkane i Olden, mens det òg har hendt at trengde turistar gjer frå seg utandørs.
– Vi risikerer at folk reiser herfrå med ein viss irritasjon om dei må bruke tida i toalettkø i staden for å sjå seg rundt, seier Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen til NRK.

Lovar nytt toalettbygg

Han etterlyser strakstiltak og fryktar at turistane skal få eit negativt inntrykk.
Ordførar Sven Flo (H) i Stryn kommune vedgår at toalettkapasiteten i Olden er for dårleg, og at kommunen rett og slett ikkje har vore godt nok førebudd på den raske veksten i cruisetrafikken. Han lover nytt toalettbygg i Olden til neste sommar.
– Det er mi klare målsetjing, og eg kjem til å jobbe knallhardt for å få det på plass. Vi kan ikkje ha det slik det er no, seier Flo til NRK.
Vi risikerer at folk reiser herfrå med ein viss irritasjon om dei må bruke tida i toalettkø i staden for å sjå seg rundt

Publisert: 09.08.2018 11:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25