Djupaste nedturen sidan 80 talet
SATSAR: Sverre A. Farstad meiner det er heilt rett og framtidsretta å satse på eit skip som Far Sleipner, men reknar med at dei neste to åra vert tøffe for offshoreselskapa.
Nytt

Djupaste nedturen sidan 80-talet

Styreleiar Sverre A. Farstad i Farstad Shipping trur heile 2015 og 2016 vert tøft for offshorebransjen.

13.05.2015
- Dette er ein nedtur som ikkje går over med det første, seier Farstad.
Han er ikkje usamd med analytikarane som først spår ein oppgang i 2017.
- Ja, det er dette dei fleste analytikarane seier. Det kan hende at dei denne gongen har rett, men vi har tidlegare sett at analytikarar som seier det same også har feil.

Grusa på børsen

Farstad dreg parallellar tilbake til midten av 80-talet.
- Då var det også ei rekkje skip i opplag, men det kan likevel tyde på at den nedturen vi no har kjem til å vare lenger enn den vi hadde då.
Som største enkeltaksjonær i Farstad Shipping har han sett at store verdiar har fordufta.
- Ja, vi har vorte grusa på børsen, men eg søv likevel godt om natta.

Satsar 2,2 milliardar

Torsdag var han med å feire dåpen av Far Sleipner, det hittil største skipet i Farstad-flåten på 62 skip. Far Sleipner har kosta rundt 800 millionar kroner. I tillegg har selskapet eit søsterskip snart klar for levering, og i slutten av 2016 kjem endå eit subsea konstruksjonsskip.
Total prislapp for dei tre skipa er på rundt 2,2 milliardar kroner.

- Rett satsing

Farstad avviser at det er feil å satse 2,2 milliardar kroner på subsea konstruksjonsskip i ei tid då dei fleste slit.
- Dette er heilt klart framtida. Dette er båtar som kan operere på svært store djup. Det er der mykje av aktiviteten vil skje framover.
Derimot meiner han at selskapet har for mange andre skip.
- Det gjeld både PSV-ar og ankerhandterarar.
Sverre A. Farstad meiner også at Farstad Shipping er av dei selskapa som er best posisjonerte til å klare seg gjennom den krisa ein no er inne i.
- I all fall er vi rimeleg bra posisjonerte, men det er klart det vert tøft både for oss og alle andre offshoreselskap i tida framover.
Ja, vi har vorte grusa på børsen, men eg søv likevel godt om natta

Publisert: 13.05.2015 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43