Distriktshotella slaar byhotella paa pris
DISTRIKTSHOTELL: Noreg hadde 22,6 millionar hotellovernattingar i 2016. Turisttilstrøyminga utgjorde ein del av grunnen til det, som her frå Gloppen Hotel på Sandane.
Nytt

Distriktshotella slår byhotella på pris

Det var 22,6 millionar hotellovernattingar i Noreg i 2016, viser tal frå bransjerapport. Aller best går det i distrikta.

18.10.2017
NPK: Horwath HTL, som er eit konsulentselskap for reiselivsnæringa, har lansert sin årlege hotellrapport som tek føre seg aktiviteten i den norske hotellnæringa.
Rapporten viser at Noreg hadde 22,6 millionar hotellovernattingar i 2016. Dette er ein ny toppnotering og utgjer ein auke på 4,4 prosent frå 2015, heiter det i ei pressemelding frå DNB.
Rapporten viser òg at hotella får betre betalt enn tidlegare, grunna høgare gjennomsnittleg rompris.
– Den mest interessante trenden no, er skilnaden mellom by og land. I byane er det bedriftskundane som dominerer og prisane har stått meir eller mindre stille.
- For distriktshotella er det annleis. Dei nyt godt av aukande turisttilstrøyming og høgare prisar. For første gong ser vi at distriktshotella har høgare pris enn dei som er plasserte i byane, seier Erlend Heiberg, administrerande direktør i Horwath HTL, i pressemeldinga.
Førebelse tal frå 2017 viser at oppturen held fram, med ein vekst på 2,4 prosent frå same periode i fjor.
For første gong ser vi at distriktshotella har høgare pris enn dei som er plasserte i byane

Publisert: 18.10.2017 11:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15