Direktoratet Vi skal ikkje kontakte born direkte
KRABBEFISKE: Fiskeridirektoratet får inn mange tips om ulovleg krabbefiske, men seier seg leie for at dei kontakta tolvåringane Gard Leinebø og Konrad Stenersen direkte, her er dei i ferd med å ta opp teiner ved Remøya.
Nytt

Direktoratet: - Vi skal ikkje kontakte born direkte

Fiskerdirektoratet seier seg lei seg for at dei kontakta 12 år gamle Gard Leinebø og gav beskjed om at han dreiv ulovleg krabbesal.

01.07.2016
- Det er ikkje på nokon måte vanleg at vi kontaktar born direkte, så dette må vi berre beklage. Det er ein sjølvfølgje at vi kontaktar foreldra, og ikkje borna, når dei er så unge.
Dette seier fungerande kommunikasjonsdirektør Anette Aase i Fiskeridirektoratet.
Ho seier at så lenge gutane berre er tolv år gamle, er det lite som kan gjerast for at dei kan omsetje fangsten.
- Men dei vil vere godt budde til neste års fritidsfiske. Inntil då kan dei fiske og kose seg og invitere familie og vener på krabbemiddag.

Får mange tips

Anette Aase seier at direktoratet ikkje driv systematisk skanning av nett og sosiale medier for å ta eventuelle lovbrytarar.
- Men vi får inn mange tips frå folk som irriterer seg over at andre ikkje følgjer reglane.
Ho seier at det er avdekt mykje ulovleg kjøp og sal via sosiale medier.
- Det er vanskeleg for oss å følgje opp alle tipsa, nettopp fordi dette gjeld enkeltpersonar, privatpersonar som er spreidde over heile landet.
- Men vi registrerer alle tips, og dersom det over tid viser seg at det foregår mykje i eitt område, så tek vi kontakt.

Fritt fiske til eige forbruk

Anette Aase seier at reglane for fritidsfiske ikkje er laga for å gjere det vanskeleg for born og unge å fiske, lære og ha det gøy på sjøen.
- For den enkelte fritidsfiskar, born eller vaksen, kan det kanskje virke litt rart at akkurat deira fiske spelar noko rolle i den store samanhengen.
Ho viser til at i Norge kan den enkelte fritt fiske i sjøen til eige forbruk, og at ein kan levere for inntil 50.000 kroner dersom salet går gjennom eit salslag.
- Det inneber at vi også har ganske mange fritidsfiskarar, som til saman tek opp mykje fisk og skaldyr langs kysten.
Aase presiserer at reglane er til for å verne bestandane.
- Ein kan fiske til eige forbruk utan å melde inn nokon stad, men dersom ein fiskar så mykje at ein ikkje klarer å ete alt sjølv, er det viktig at salet går gjennom salslaget eller ein kjøpar som er godkjent av salslaget.
- Slik får vi, forskarane og samfunnet generelt informasjon om kor mykje som vert tatt opp frå havet, og kan på ein betre måte berekne kor mykje som er igjen.

Ungdomsfiskeordning

Aase seier at direktoratet ønskjer å stimulere unge til å drive næringsfiske i eit visst omfang, blant anna gjennom den såkalla ungdomsfiskeordninga som gir ungdom anledning til å drive fiske i sommarferien.
Les meir om ordninga
Ho viser også til at frå ein fyller 13 år må ein ha skattekort dersom ein ha
Her er nyttige lenker om fritidsfiske:
Vi får inn mange tips frå folk som irriterer seg over at andre ikkje følgjer reglane

Publisert: 01.07.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58