Difor trur han koronakrisa gir varige tap for reiselivet
TRUR PÅ VARIGE TAP: Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO trur koronakrisa kan gi varige tap for reiselivet. Her er han under NHOs reiselivs frukostmøte tysdag. 
Nytt

Difor trur han koronakrisa gir varige tap for reiselivet

NHOs sjeføkonom peikar på tre faktorar som gjer at ikkje etterspurnaden ikkje vil ta seg opp med det første.

12.08.2020
(NPK-NTB-Oda Ertesvåg): Koronautbrotet og smittevernrestriksjonane har ramma reiselivet hardt. Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO trur det som skjer, kan gi langvarig effekt.
Etter ein sommar der mange hotell og andre reiselivsbedrifter har hatt greitt belegg, ser det verre ut dei neste månadene. I ei undersøking som NHO har gjort blant medlemsbedriftene sine, svarer 28 prosent at dei ikkje har nokon bestillingar i oktober, som vanlegvis er ein travel månad for kurs- og konferansemarknaden.
– Når det gjeld reiselivet, må vi erkjenne at det som skjer, kanskje gir langvarig effekt, seier sjeføkonomen til NTB og peikar på tre faktorar som gjer at ikkje etterspurnaden etter reiser og hotellrom, ikkje vil ta seg opp med det første.
1. Bedriftene har vorte meir digitale. Dei har lært at møte kan gjennomførast internt i bedrifta eller digitalt, og at dei ikkje treng å sende tilsette land og strand rundt med fly og sove på hotell på konferansar.
2. Bedrifter kvir seg for å halde store fysiske arrangement med fare for at dei ikkje blir noko av, til dømes ved at nye land blir raude, eller andre restriksjonar.
3. Mange utlendingar kvir seg for å setje seg på eit fly, ein båt eller noko anna for å komme til Noreg av frykt for å «sitte fast». Det same gjeld andre vegen.
Hotellkapasitet kan brukast på andre område
40 prosent av reiselivsbedriftene har no permittert sine tilsette, men konkurstala i reiselivet er førebels lite påverka av koronakrisa på grunn av mange av kompensasjonstiltaka som er sett i verk, som mellom anna permitteringsordninga og kompensasjonsordninga til bedrifter med inntektsfall.

Meiner ein må tenke kreativt

Det er likevel ikkje eit svar å kaste statlege pengar etter alle utfordringane vi står i, meiner Dørum.
– I lengda kan vi ikkje bruke oljefondet til å halde næringslivet oppe. Det er ikkje det same som å seie at det ikkje finst stader der det er riktig i ein avgrensa periode, seier han.
Sjeføkonomen meiner kreativiteten må få blomstre, og at ein på sikt kanskje kan sjå om hotellkapasiteten kan brukast på andre område.
– I tidlegare tider vart gamle høgfjellshotell asylmottak. Ein etablerer ikkje det som ein forretningsmodell før etterspurnaden er der, men kanskje er det sjukeheimskapasitet i hotella, kanskje kan dei bli omgjorde til leilegheiter. Viss det i verste fall blir varig overkapasitet, sit jo hotella i byane på verdifull eigedomsmasse som i verste fall kan konverterast til kontor eller leilegheiter – men også det kostar jo pengar, seier han.

Bekymra for ny nedstenging

Det har gått over fem månader sidan store delar av Europa stengde ned. Så fekk ein kontroll på smitten og gjenopna samfunnet, og aktiviteten tok seg opp igjen. I starten gjekk det fort, men no går det litt treigare, ifølgje sjeføkonomen. Dei siste vekene har det vore fleire mindre utbrot, og lemping på koronatiltaka har stoppa opp.
Det som skjer no har fleire negative effektar for næringslivet, ifølgje Dørum.
– Når ein sluttar å lempe på smitteverntiltaka, bidreg det til å halde den økonomiske aktiviteten nede. Det andre er at det fortel med heilt tydeleg at denne kampen ikkje er vunnen, seier han.
– Bedrifter som lurer på om dei skal byggje ein ny fløy på hotellet, tenkjer «nei, det skal vi ikkje gjere». Flyselskap som vurderer om dei skal kjøpe eit nytt fly, tenkjer «nei, det skal vi ikkje gjere». Det får effektar på investeringane, på kompetansebygginga i bedriftene og tilsetjingar. Kort sagt bidreg det til å gi eit meir hakkete og svakare oppsving, held han fram.
Likevel er den aller største bekymringa for heile næringslivet at pandemien kjem heilt ut av kontroll, og at det blir ein ny nedstenging.
– No skal næringslivet vere kritiske til alle smitteverntiltak og diskutere kor forholdsmessige dei er, men det er heilt riktig viss ein kjempar mot ein grasbrann å ta sjølv dei minste blussa som dukkar opp. Det er mykje betre å ha masse kraft på små stader og å bruke litt mindre kraft på heile landet, seier Dørum.
(©NPK)
I lengda kan vi ikkje bruke oljefondet til å halde næringslivet oppe

Publisert: 12.08.2020 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01