Diamantskip glapp men Kleven kjempar om offshorekontrakt
HÅPAR PÅ OPPDRAG: Kleven-direktør Olav Nakken på brua til den siste av Mærsk-skipa, som vart levert torsdag. Serien har sikra verftet kontinuerleg arbeid i fleire år, men nå håpar dei på nye kontraktar.
Nytt

Diamantskip glapp – men Kleven kjempar om offshorekontrakt

Verdas største diamantskip vert ikkje bygd i Norge - men for første gong på fleire år kan norske verft få nybygg til offshore.

Marius Rosbach
15.02.2019
Fleire kontraktar har gleppe for Kleven dei siste åra og heller ikkje eit kostbart diamantskip designa av Marin Teknikk i Herøy, vert bygd ved sunnmørsverftet.

Herøy-designarar har framleis avtale

Kleven sikra seg hausten 2017 ein intensjonsavtalen på det som vart omtala som verdas største diamantskip til De Beers Group.
NETT NO har. I løpet av fjoråret fekk oppdragsgjevaren kalde føter grunna økonomien på Kleven - og gjekk frå avtalen.
– Vi jobbar framleis med prosjektet, men får no betalt frå De Beers, seier Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk til NETT NO.
Diamantreiarane har no vore ute i marknaden og eit nytt byggeverft vert gjort offentleg i løpet av kort tid. Det vert ikkje i Norge.

Kjempar om offshorekontrakt

Fleire år etter at siste offshoreskip vart tinga ved eit norsk verft, er det igjen konkret interesse for å bygge nytt i denne marknaden. Fleire reiarlag er no ute i marknaden og forhandlar om bygging av eit nytt ankerhandteringsskip som skal nyttast av eit kanadisk oljeselskap.
– Vi er i dialog med nokon som ønskjer eit offshoreskip, stadfestar Kleven-direktør Olav Nakken til NETT NO.
Men om kontrakta hamna på Dimna-verftet, eller ein annan stad, er for tidleg å seie.
Sist det var fart i nybygginga til offshore tente verfta gode pengar, men etter at marknaden kollapsa har dei store skipsbyggjarane slitt med store underskott. Nakken påpeiker at dei ikkje har tru på noko skikkeleg oppsving i offshore, sjølv om særskilte krav kan føre til eit og anna nybygg.

Passasjerbåtar er hovudsatsing

Utover dei to ekspedisjonsskipa som Kleven bygger for Hurtigruten, er ordreboka ved verftet meir eller mindre tom – eller «dessverre ganske oversiktleg», som direktør Nakken seier det.
Salsdirektør Arve Holstad på Kleven håpar at kunnskapen verftet no har skaffa seg på ulike type passasjerbåtar, skal bidra til nye kontraktar snart.
– Det er vår hovudsatsing no. Kompetansen vi har fått gjennom ekspedisjonsskipa til Hurtigruten og ekspedisjonsyachtane til Graeme Hart er heilt unik, påpeiker Holstad.

Yacht til Tyskland

Ein anna kontrakt som gjekk i vasken for Kleven i fjor, var en luksusyacht i samarbeid med tyske Lürssen. Yachten skulle vere det første samarbeidsprosjektet mellom Kleven og yachtekspertane, men vert no i staden bygd ved eit verft i Tyskland.
– Vi har ikkje noko konkret på gong, men det er ikkje noko i vegen for å gjere det. Vi har gjort det før, seier Nakken om den marknaden.

Håpar på hurtigrute nr. 3

Verftet har likevel hatt mykje å gjere i det siste. Dei er i innspurten med å ferdigstille MS Roald Amundsen – det første av to ekspedisjonsskip for Hurtigruten. Det skal vere ferdig i mars. Systerskipet MS Fridtjof Nansen er også sjøsett og ligg ved kai på Dimna-verftet. Fartøyet skal leverast i løpet av året.
Kleven har også sikra seg ein intensjonsavtale på bygging av skip nummer tre for eigarane i Hurtigruten.
– Vi jobbar med det og trur det den kjem, seier Nakken om ei endeleg kontrakt på skipet.

Eige Hurtigruten-gruppe

Truleg er ei vellukka levering av det første ekspedisjonsskipet avgjerande, for korleis det går vidare. Men allereie har verftet sett opp ei prosjektgruppe på saka.
– Vi er rundt 15 personar som jobbar med den kontrakta. Vi har også engasjert Rolls-Royce for å utarbeide ytterlegare teknisk underlag, seier verftsdirektøren.
Bakgrunnen er at Hurtigruten ønskjer å gjere nokre endringar frå dei to første skipa, der Rolls-Royce Marine leveret design.
– Vi har analysert tidsbruk og kostnadar på det første og andre skipet, og det bruker vi no i arbeidet med nummer tre, forklarer han.

– Ser klar forbetring

Nakken fortel at noko av problemet for verftet i arbeidet med dei første skipa, var den dårlege økonomien.
– Då vert ein mellom anna tvungen til å utsette kjøp av ulike komponentar, slik at ein får ein tungvinn måte å jobbe på – og kjem på hæla med alt. Det er mange tiltak som kan gjerast betre enn på den første. Noko er allereie teke tak i, og vi ser ein klar forbetring frå nummer ein til nummer to, forklarar han.
Vi jobbar framleis med prosjektet, men får no betalt frå De Beers

Publisert: 15.02.2019 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31