Dette vert ein estisk batterihybrid
ESTLAND: Ferja Tõll skal få om bord batteriløysingar, noko som gir arbeid til Norwegian Electric Systems. Det kan verte fire nye oppdrag i Estland om prosjektet vert ein suksess.
Nytt

Dette vert ein estisk batterihybrid

Havyard-selskapet Norwegian Electric Systems har fått oppdraget med å gjere ei estisk ferje om til ein batterihybrid.

21.08.2019
Det er ferja Tõll som skal oppgraderast frå rein dieselelektrisk framdrift til å få installert batteripakkar.
Kontrakten er med det estiske verftet Baltic Workboats, opplyser Norwegian Electric Systems i ei pressemelding tysdag.
Ferja er eigd av TS Laevad, som er ein del av Tallinn Sadam-konsernet. Ferja går mellom fastlandet og øyane vest for Estland på ruta Virtsu-Kuivastu.
I pressemeldinga vert det opplyst at oppgraderinga til batterihybrid vil gi ein reduksjon på dieselforbruket med 20 prosent.

Corvus-batteri

Det er LMG Marin som står bak designløysinga, medan det er Corvus Energy som leverer batteripakkane.
Norwegian Electric System tar seg av systemintegrasjonen, og leverer blant anna Quest – Energy Storage System, Norwegian Electric Switchboard, Norwegian Electric Transformer og Energy Management System, i tillegg til å ta seg av prosjektleiing, testing og oppfølging.
Oppgraderinga av ferja skal skje i fjerde kvartal i år, og etter avtalen skal ferja gå deler av ruta på batteridrift frå februar neste år.

Fire opsjonar

Om posjektet viser seg å verte vellukka, kan same teknologien kome til å verte tatt i bruk på fire andre ferjer som er operert av TS Laevad.
Norwegian Electric System har hovedbase ved Bergen, i tillegg til avdelingar i Egersund og Ålesund. Totalt har selskapet 67 tilsette.

Publisert: 21.08.2019 09:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38