Dette verftet faar stor ros av Hurtigruten
GURSKEN: Petter Stordalen og Hurtigruten er største eigar i Myklebust. Her har selskapet det Kleven-bygde ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen i dokka, medan heilt til høgre ligg eitt av dei Kleven-bygde offshoreskipa til Maersk. Dei to skipa flankerer trålaren Holmøy og det Røkke-eigde boreskipet Akofs Seafarer.
Nytt

Dette verftet får stor ros av Hurtigruten

- Myklebust leverer utruleg gode resultat i ein utruleg vanskeleg marknad. 

20.05.2020
Det seier kommunikasjonsdirektør Rune Thomas Ege i Hurtigruten.
Kleven-eventyret for Petter Stordalen og Hurtigruten vart eit økonomisk mareritt, men selskapet kan sjå lysare på si investering i Gursken.
Sande-selskapet Myklebust Verft Invest hadde ei omsetning på 379,0 millionar kroner i fjor, og eit resultat før skatt på 25,8 milionar kroner.
- Vi er svært imponert over det Inge-Jonny (Hide, red. merk)og resten av gjengen på Myklebust har fått til, seier Ege.

Hurtigruten eig 42,68 prosent

I selskapet Myklebust Verft Invest ligg Myklebust Verft, Myklebust Maritime, Kleiva Shipsinvest og Kleven Maritime Finans.
Inntektene stammar i hovudsak frå Myklebust Verft, eit verft Hurtigruten litt ufrivilleg vart medeigar i då Hurtigruten overtok Kleven som ein del av redningsplanen for å få ferdiggjort ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen.
No er Hurtigruten ute av Kleven, men er framleis største aksjonær i Myklebust Verft Invest med totalt 42,68 prosent av aksjane.
Petter Stordalen eig 7,95 prosent direkte gjennom selskapet Strawberry Equities, medan resten er fordelt på Silk Bidco og Silk Holdings.

- Fantastisk teamarbeid

Rune Thomas Ege rosar den snuoperasjonen Myklebust har gjort, med Inge-Jonny Hide som dagleg leiar.
- Det er eit fantastisk teamarbeid som er bygd stein på stein, og som dei haustar fruktene av no.
Sjølv om Hurtigruten er klart største eigargruppe, er dei største enkeltaksjonærane likevel Åge Remøy og Magnus Roth med 19,08 prosent gjennom selskapet Inyard Invest. Dei to la 60 millionar kroner inn i Kleven, men sit att med Myklebust-investeringa.
Så langt er det langt fram før investeringa har betalt seg, men Myklebust Verft forventar eit positivt resultat også i 2020, og har nyleg signert ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans.

Ulsteinvik, Asker og Tyskland

John Kleven AS ved Kjersti Kleven og Annelise Kleven Godø er den tredje store aksjonæren med 18,83 prosent av aksjane, medan Myklebust-styreleiar og Asker-investor Per-Kristian Kroeplien Lillebø eig 6,36 prosent gjennom sitt selskap Cortex.
I tillegg er det tyske verftskonsernet Lürssen framleis inne på eigarsida med 11,13 prosent, eit selskap som også investerte i Kleven, men sat att med Myklebust.

25 aksjonærar

Totalt er det 25 aksjonærar i Myklebust Verft Invest, der mange tidlegare Kleven-aksjonærar har svært små postar (sjå komplett liste i faktaboks).
Konsernet er også medeigar i fleire skip, der eigarskapen på 9,71 prosent i Eidesvik Neptun er det mest verdifulle.
Totalt hadde konsernet ved årsskiftet 167 millionar kroner i omløpsmidlar og ei langsiktig gjeld på 121 millionar.
Det er eit fantastisk teamarbeid som er bygd stein på stein

Publisert: 20.05.2020 18:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57