Dette skipet kan hamne i Canada
KRAFTPLUGG: Fleire selskap har kjempa om å kjøpe Bourbon Arctic. Kanadiske Horizon er den mest aktuelle kjøparen.
Nytt

Dette skipet kan hamne i Canada

Eit kanadisk selskap er den mest aktuelle kjøparen av ankerhandteringsfartøyet Bourbon Arctic.

11.03.2019
Etter det NETT NO har grunn til å tru, har kanadiske Horizon lagt inn det høgaste bodet på Bourbon Arctic.
Horizon er det same selskapet som i 2017 kjøpte eit skip som i snart to år vart liggjande ved Kleven Verft etter at det malaysiske reiarlaget IES Pioneer Ltd trekte seg frå handelen.
Skipsmeklar Karsten Christensen hos Pareto vil ikkje opplyse noko om kven selskapet no forhandlar med om sal av Bourbon Arctic.
"Det begynner å nærme seg noe. Vi holder på med de siste punktene", skriv Christensen i ein sms til NETT NO.

Stor interesse

Dei siste punkta skal blant anna dreie seg om finansiering av kjøpet.
Om dette går i orden, vert skipet truleg kanadisk eigd.
Fleire lokale selskap har vist interesse for å kjøpe ankerhandteraren, som vert rekna som ein av dei råaste i klassen. Mellom anna har båten høg isklasse og ein stor vinsjpakke.
Det var i februar 2016 at Herøy-baserte Bourbon Offshore Norway overtok den Vard Brattvaag-bygde ankerhandteraren.
Skipet vart deretter vidareseld til franske Caroline 63, men Bourbon Offshore Norway har hatt managementet og stått bak drifta.


850 millionar

Bourbon Arctic kosta som ny rundt 850 millionar kroner, men vert no truleg seld til godt under halve prisen.
Frå midten av 2016 har båten vore på kontrakt med Lundin i Barentshavet for å bistå den halvt nedsenkbare boreriggen Leiv Eriksson.
Nyleg vart denne kontrakta forlenga med nok ein brønn der oppstart var 18. februar.
Skipet er innreia med kapasitet for 60 personar.

Publisert: 11.03.2019 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32