Dette skipet gjer at mange kjem tilbake i arbeid
KJEM SNART: Samanstillinga av kabelskipet Nexans Aurora ved Crist-verftet i Polen er ferdig, og neste månad er det venta at skroget kjem til Ulsteinvik for utrusting. Det nær 149 meter lange skipet vil bli eitt av dei største levert frå Ulstein verft.
Nytt

Dette skipet gjer at mange kjem tilbake i arbeid

Kontrakta på eit stort kabelskip kan bli svært verdifull for Ulstein Group. Sjølv om mange for augneblinken er permitterte, treng dei snart fleire folk.

Marius Rosbach
15.05.2020
Mellom 150 og 200 tilsette er for tida permitterte innan skipsbyggingsverksemda til Ulstein Group. Men innan kort tid er det utsikter for at mange av desse kjem i jobb att.

Ei kontrakt på utrusting av eit stort kabelskip for Nexans kan vise seg å bli svært verdifull for Ulstein, no når store delar av den maritime industrien ventar ordretørke framover.
– Alle storblokkene er no sette saman ved skrogverftet, og ein ventar at skroget kjem hit neste månad. Svært mange ved verftet kjem til å jobbe på dette prosjektet, men eksakt tal er ikkje klart enno, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein til NETT NO.

Søker etter fleire folk

Kabelskipet er designa av Skipsteknisk i Ålesund og er med sine 149 meter, eit av dei største skipa verftet har levert nokon gong.

etter at det kroatiske verftet som først blei valt, fekk økonomiske problem. Det betyr truleg at konsernet har fått ein god avtale, som sikrar lønnsemd.
Oppdraget gjer også at konsernet treng fleire folk: – Vi lyser for tida ut fleire stillingar innan produksjon som mellom anna skal jobbe på dette prosjektet, fortel Ulstein.

Les også:


Koronakrisa gir utsett levering

For augneblinken er det låg aktivitet ved verftet, etter at dei er ferdige med utrustninga av det første ekspedisjonscruiseskipet til Lindblad.

Grunna koronakrisa og stillstand i heile cruiseindustrien, ligg skipet førebels ved verftet i Ulsteinvik. Der ligg også det , fordi koronapandemien har skapt trøbbel i innspurten på dette prosjektet.
– Vi opplever nokre utfordringar med å få tak i delar til «topside»-utstyret på vindskipet. Sidan fabrikken i Italia har vore stengd grunna koronakrisa, arbeider vi for å finne alternative løysingar, forklarar konsernsjefen.
Skipet som skal heite Windea Jules Verne, er det femte skipet som Ulstein leverer til havvindmarknaden. Oppdraga har dei siste åra.

Kontrakt på cruiseskip nummer to

Etter oppdraget med kabelskipet, har Ulstein også eit .
Verftsleiinga har ikkje tidlegare ønska å seie noko konkret om lønnsemda på oppdraget med det første skipet, men til vanleg er det enklare å skape god lønnsemd når ein bygger fleire skip av tilsvarande type.

Dette er dei som er bygd ved Ulstein verft, og er isklassa slik at det kan segle på ekspedisjonscruise i røffe farvatn.
Tidlegare er det annonsert opsjon på eit skip nummer tre og eigaren Sven Lindblad har gitt uttrykk for at han vil ha fleire skip. Med dagens koronasituasjon kan desse planane naturleg nok bli utsett.

Les også:



Trur marknaden kjem tilbake

Den økonomiske nedturen verdsøkonomien no opplever har skapt stor usikkerheit for markanden for skipsbygging dei komande åra.
NETT NO omtala nyleg korleis skipsverfta no har dei tynnaste ordrebøkene på fleire tiår. Per Olaf Brett i Ulstein International er mellom dei som trur .
Konsernsjef Gunvor Ulstein legg ikkje skjul på at dei ventar tøffe tider:
– På grunn av koronakrisa og nytt fall i oljeprisen står vi overfor ei krevjande tid der det vil vere vesentleg lågare etterspørsel i marknaden framover. Dette gjer at vi må sjå på ulike løysingar for å kutte kostnadar slik at det er mogleg å komme gjennom denne krisa. Vi har trua på at marknaden kjem tilbake, vi veit berre ikkje når, fortel ho.

Vil framskunde skattefordel

Gunvor Ulstein gav om kva krisehjelp dei ønska seg. Eit av hennar forslag var då tiltak basert på ein modell der bedrifter kan få utbetaling med grunnlag i skattemessig framførbart underskot – og slik kunne nytte seg av en utsatt skattefordel umiddelbart.
I dag er regelverket slik at tidlegare tiders underskot kan trekkjast frå når bedriftene går i pluss igjen. Dermed blir det skattepliktige overskotet og betalbar skatt redusert, og difor har gamle underskot ein verdi.
Den verdien treng næringa no, meiner konsernsjefen - som i Møre og Romsdal i eit samrøystes vedtak torsdag.

Les også:




Analyse:


Publisert: 15.05.2020 22:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57