Dette skipet avgjer kor fort Kleven tilsette kjem i arbeid
GREEN YARD KLEVEN: Kjetil Bollestad og Hans Jørgen Fedog ved Green Yard Kleven. Begge har tru på at PSV-en bak snart får ny eigar.
Nytt

Dette skipet avgjer kor fort Kleven-tilsette kjem i arbeid

200 Kleven-tilsette ventar spent på om dei får jobb i Green Yard Kleven. Ein PSV avgjer mykje.

16.07.2020
- Ja, det stemmer, seier Kleven-eigar Hans Jørgen Fedog.
Torsdag møtte han pressa på sin første arbeidsdag på verftet han og resten av Green Yard-eigarane overtok seint søndag kveld.
Fedog skal saman med leiinga på Kleven stake ut kursen for det nye verftet.

Brei satsing

Det skal satsast breidt, ikkje minst med resirkulering av skip, og kanskje også riggar, men ein tar også sikte på å byggje nye skip ved Kleven.
Det siste vil ta tid, og dei 200 oppsagde Kleven-tilsette er avhengige av anna arbeid om dei skal få snarleg tilbod om jobb ved Green Yard Kleven.
Neste dagane vil dei første tilsette leiarane vere formelt på plass.

- Flest muleg tilsette

Fedog seier at ein skal byggje vidare på den organisasjonen Kleven har hatt, og det er ikkje aktuelt å flytte over ressursar frå Green Yard i Kvinesdal.
- Nei, det er heller omvendt, der vi ser på å utnytte ressursar som finst ved Kleven.
Han seier at målet er å ha flest muleg tilsette ved Kleven, men at det er ein føresetnad at det finst arbeid.

Stor kjøparinteresse

Den kansellerte PSV-en til Atlantic Towing Company avgjer difor kor mange som snarleg vil få ein telefon med forespørsel om å jobbe ved Kleven.
Og det er no fornya håp om at det kan verte mange etter at det er betydeleg interesse for å kjøpe skipet og gjere det ferdig ved Kleven.
Verftsdirektør Kjetil Bollestad seier at interessa nesten er overraskande stor.
- Ja, det er mange forespørslar, og vi håper å ha ei løysing snart.
Om det vert tilslag, står det att rundt fem månader arbeid med utrusting og ferdiggjering av skipet, som opphavleg skulle byggjast ved Havyard Leirvik.
- Det vil passe glimrande om vi får på plass ein avtale fort, seier Bollestad.

Stein på stein

Av dei 200 Kleven-tilsette er det 40 med utanlandsk statsborgarskap, men der fleire av desse har budd lenge i Norge.
Desse kjem i tillegg til dei 250 tilsette i tidlegare Kleven Maritime Contracting, som er overtatt av Langset i Molde. Dette er tilsette som kjem frå Romania og Polen.
Totalt har det siste åra på det jamne vore mellom 700 og 1.000 innom verftsportane på Kleven, slik at ny aktivitet fort også er viktig for ei rekkje underleverandørar.
- Vi har store ambisjonar, men vi skal samstundes byggje stein på stein, seier Fedog.
Det er mange forespørslar, og vi håper å ha ei løysing snart

Publisert: 16.07.2020 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59