Dette skal vi kome oss igjennom
RESULTAT: Svein Idar Eiksund (innfelt) og Ulstein Bil merkar eit kraftig fall i aktiviteten siste to vekene etter ein svært god start på året.
Nytt

- Dette skal vi kome oss igjennom

Ulstein Bil hadde ein strålande start på 2020, heilt til koronaepedemien slo inn. Svein Idar Eiksund er likevel optimist.

25.03.2020
- Ja, dette skal vi kome oss igjennom, sjølv om det nok vert på ein litt annan måte enn før.
Eiksund har leia Ulstein-selskapet sidan starten i 1987, og meiner at tiltaka styresmaktene hittil har sett i verk er fornuftige.
- Hittil har det absolutt vore fornuftige tiltak, og vi har tilpassa oss etter retningslinjene.

Hindrar smittespreiing

Ulstein Bil er forhandlar på Hyundai og Mazda, i tillegg til å drive verksted.
Eiksund seier at alle bilnøklar vert desinfiserte både ved inn- og utlevering. Det same med ratt og girspakar.
- Vi gjer alt vi kan for å hindre smittespreiing, og hitttil ser det ut til å ha gått bra.

Kan verte permitteringar

Selskapet har 15 tilsette. Alle er hittil på jobb, men no kan verte permitteringar.
- Vi hadde ein fantastisk start på 2020, og alt såg lyst ut. Men sidan forrige torsdag har det dabba kraftig av.
- Om ikkje aktiviteten snart tar seg opp att, må vi nok ty til nokre permitteringar.
Eiksund er derimot ikkje redd for framtida.
- Nei, vi har god eigenkapital, og det vert på nytt kjøp og sal av bilar. Vi vel å vere optimistiske.
I 2019 hadde selskapet ein kraftig omsetningsvekst, frå 50,3 millionar i 2018 til 66,5 millionar i fjor.

Auka sal på Nordfjordeid

Eiksund seier at mykje av veksten skuldast auka sal gjennom underleverandøren Eid Motor på Nordfjordeid.
- Ja, dei hadde eit svært godt sal i fjor.
Derimot vart resultatet før skatt redusert frå 1,0 millionar kroner til vel 0,7 millionar.
Eiksund seier at noko av grunnen til det svake resultatet skuldast at ein utvida verkstedhallen med 250 kvadratmeter, og ein periode ikkje hadde full aktivitet.
- Eigentleg er vi kjempefornøgd med fjoråret.

Stadig fleire elbilar

Han seier at det vert seld stadig fleire elbilar, og at trenden held fram inn i 2020.
- For Huyundai har vi kart å levere etter kvart, medan Mazda kjem med nye modellar i september. Det ser vi fram til.
Svein Idar Eiksund er hovedaksjonær i Ulstein Bil med vel 50 prosent av aksjane. Andre aksjonærar er Gunnar, André og Olav Sigbjørn Eiksund.
Vi har god eigenkapital, og det vert på nytt kjøp og sal av bilar. Vi vel å vere optimistiske

Publisert: 25.03.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54