Dette selskapet veks raskt
HAREID: Dei har suksess med satsinga på brønnbåtar. Frå venstre finansdirektør Geir Sandnes, adm. dir. Ole Peter Brandal, Håvard Grønhaug, som er direktør for forretningsutvikling og operasjonsdirektør Kjetil Opshaug.
Nytt

Dette selskapet veks raskt

Seks år etter starten passerer selskapet 100 tilsette. No skal det byggjast nye og kjøpast fleire brønnbåtar.

18.05.2020
- Ja, målet er vidare vekst.
Det seier dagleg leiar Ole Peter Brandal i Hareid-baserte Intership.
Seks år etter at han starta selskapet saman med Kjetil Opshaug frå Stranda og Håvard Grøntvedt frå Trondheim, har selskapet seks heileigde brønnbåtar. Det vert fleire.
- Ja, i juni overtar vi brønnbåten Kirsti H frå Haugland-gruppen i Bergen, seier Brandal.
Han opplyser at ein også har nybygg på teiknebrettet.

Stor norsk arbeidsgivar

Intership har hovedkontor ved hurtigbåtkaia på Hareid, og har no 14 tilsette på landsida i Norge, i tillegg til tre tilsette ved avdelingskontoret i Puerto Varas, Chile.
- Vi har god tru på både Chile og Norge framover, seier Brandal.
63 av dei tilsette sjøfolka er norske.
- Vi er etter kvart ein betydeleg norsk arbeidsgivar.

Forventar stor resultatvekst

I fjor omsette Intership for 223,8 millionar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 25,3 millionar kroner.
Året før var omsetninga 187,6 millionar, og resultatet før skatt beskjedne 1,1 millionar.
Bak tala for 2019 skjuler det seg at tre brønnbåtar som vart kjøpte i fjor, gjekk på leigeavtalar i første halvår.
- I år reknar vi med at resultatet før skatt vil passere 50 millionar kroner, seier Brandal.

London-eigd

I mai 2018 overtok det britiske finansselskapet Alchemy Special Opportunities 89,5 prosent av aksjane i Intership.
Det London-baserte selskapet har normalt eit femårig perspektiv på sine investeringar.
Ole Peter Brandal seier at dei britiske hovudaksjonærane er godt fornøgd med utviklinga av selskapet, men går ut frå at ein før eller seinare vert seld vidare til ein ny aktør.
- Sjølve har vi eit langsiktig perspektiv på satsinga, medan dagens eigarar er meir kortsiktige.
- Når det er sagt, er det gode eigarar med god økonomi, og som støttar fullt opp under vekstplanane.

Vil verte stor aktør

Gründerane Ole Peter Brandal eig 2,72 prosent i selskapet, Håvard Grøntvedt 1,44 prosent og Kjetil Opshaug 1,19 prosent, medan finansdirektør Geir Sandnes eig 0,39 prosent.
Brandal seier at dagens eigarar har ei incentivordning knytt opp til ein salsgevinst, slik at ein vil ha midlar til å skyte inn når nye eigarar ein gong overtar.
- Vi har god tru på brønnbåtmarknaden framover, og målet er å verte ein av dei store norske aktørane.
Han opplyser at selskapet har merka lite til koronautfordringane.
- Vi har langsiktige avtalar med solide sluttkundar, og vi har så langt klart å handtere reiserestriksjonar ved mannskapsskifta på ein grei måte.
Vi har god tru på brønnbåtmarknaden framover, og målet er å verte ein av dei store norske aktørane

Publisert: 18.05.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57