Dette kan vere starten paa eit stort norsk eventyr
TAREDYRKING: Annelise Chapman hoppa av karriæren som forskar, og satsa sjølv på dyrking av tang og tare. Bak ser vi deler av anlegget ved Skarveskjeret i Herøy.
Nytt

- Dette kan vere starten på eit stort norsk eventyr

Ho er av dei fremste forskarane på tang og tare. No satsar ho kommersielt sjølv, men for Annelise Chapman er det ikkje berre pengar som er suksess.

04.12.2017
- For meg vil ein suksess vere at vi skaper arbeidsplassar gjennom miljøvenleg og berekraftig hausting av ressursane i havet.
- Det er viktig også å tene pengar, men verdiskaping er mykje meir enn berre pengar. Her er det også snakk om mat til folk i verda.
Saman med Bjørn Otterlei i selskapet Polar Seafrozen har Chapman starta tang- og tareselskapet Tango Seaweed.

To konsesjonar

Selskapet har sikra seg to konsesjonar i Herøy, den eine ved Skarveskjeret ikkje langt frå Herøybrua, den andre i Måløystraumen på Leikong.
Ved Skarveskjeret er det lagt ut fire kilometer med tau som det skal dyrkast tare på. Anlegget er godt synleg frå land, med ei lang rekkje raude og kvite bøyer med dyrkingstau mellom, og med store gule flottørar rundt som avgrensar området.
- Anlegget er festa og merka om lag på same måte som eit oppdrettsanlegg, seier Chapman.

Rask vekst

På dyrkingstaua er det ved hjelp av eit spesiallaga biologisk lim festa tett i tett med bittesmå sporofyttar ('tarefrø’) som no er mindre enn ein millimeter store.
Alt om eit par veker er taren truleg eit par centimeter lang, og etter tre-fire månader er håpet at kvar tareplante er på to-tre meter.
Det er i første omgang butare og sukkertare det vert satsa på.
- Det er rundt 450 ulike sortar makroalgar i Norge, så vi har nok å velje mellom, men butare og sukkertare er av dei vi veit mest om når det gjeld dyrking, forklarer Chapman.

Avling av lokal tare

Vaksen butare vart hausta på Remøya, og sukkertare ved Herøy gard, og deretter sende til eit firma i Nederland som tok seg av formeringsprosessen og produksjon av millionar av sporofyttar.
- Det er viktig at avlingane kjem av tare frå same området som tareproduksjonen foregår, slik at vi mellom anna ikkje får framand genetisk innblanding, seier Chapman.
Ho har arbeidd med tang og tare heilt sidan ho studerte og tok doktorgrad ved Universitetet i Hamburg i 1995. Etter at ho kom til Norge i 2008, var ho forskar ved Runde Miljøsenter, seinare ved Møreforsking og har mellom anna leia eit stort internasjonalt forskingsprosjekt der målet er å kartleggje korleis ein kan utnytte tang og tare til menneskemat og dyrefôr.

Mange bruksområde

Ho seier at bruksområda er mange.
- Stadig fleire brukar no tang og tare som ingrediensar til middagsrettar. Her har både Maki og Klippfiskakademiet vist stor interesse, og Orkla Foods er no også på bana.
- Men tang og tare kan også nyttast innanfor kosmetikk, i medisinsk samanheng og i område vi enno ikkje veit.
Bruken av tang og tare er ikkje ny i Norge. Fjøreartane grisetang og blæretang er nokre av dei som tidlegare vart brukte til husdyrfôr, menneskeføde og gjødsel, og ein har forska ein del på bruk av tare til biodrivstoffproduksjon.
- Allereie vikingane brukte tang og tare på sine turar som middel mot sjørbuk, seier Chapman.

Norsk eksplosjon

Internasjonalt er tang og tare-produksjon store næringar, og no kjem Norge raskt etter.
- Det er snakk om ein eksplosjon. No er det vel rundt 50 lokalitetar i Noreg, neste år er vi kanskje på det doble, og det er mange som har planar.
For konsesjonen ved Skarveskjeret planlegg Tango Seaweed å utnytte direkte rundt 100 dekar av det 160 dekar store området ein har fått konsesjon på.

Viktig gjennomstrøyming

Hittil er det sett ut butare og sukkertare på 20 dekar.
- Her driv vi mykje med testing. Mellom anna testar vi no ut seks ulike tautyper. Vi vil også prøve oss med andre tare- og tangartar. Til dette treng vi resten av arealet, samt at vi er opne for samarbeid med andre aktørar i området, til dømes til testing av andre typar dyrkingsteknologi.
I Måløystraumen på Leikong er planen å starte opp om to år.
- Dette ser vi på som ein svært god lokasjon med god tilgang til næringssalt fra eit oppdrettsanlegg.
- All næringa tang og tare får, er næringssalt som kjem med havstraumen, så når ein ikkje har opplagde kjelder, treng ein i det minste god gjennomstrøyming.

Asiatisk interesse

Den første produksjonen av tang og tare skal etter planen tørkast. Den første marknaden for produktet er restaurantar og spesialbutikkar i Europa, men ein forventar på sikt stor interesse frå asiatiske kundar.
I Kina, Japan og Korea finst ein mykje større tradisjon for å ete tang og tare til vanleg, og Chapman seier at potensialet for å få sjå produkta i Asia er stort.

Vil utnytte sommar-sesongen

I tillegg til tørking er også frysing av råstoffet aktuelt, men her trengst det først meir kunnskap og utvikling rundt stabilisering av råstoffet.
Chapman ser ikkje vekk frå at det kan verte meir enn tolv tonn tare på dei fire kilometer med tau som no ligg ute.
- Ja, på Færøyane opererer ein med langt høgare tal per meter, men der kan dei i tillegg hauste tre gongar årleg. Her på Vestlandet er det så mykje groe i perioden mai til oktober at det har lite for seg å drive med dyrking då.
- Men næringa vil i framtida fokusere på korleis ein kan utnytte sommar-sesongen betre også her.

Positive sideeffektar

Chapman seier at ho hittil berre har hatt velvilje rundt prosjektet. Heller ikkje fiskarane har vore negative, sjølv om taredyrking bandlegg store areal.
- Dyrkingsfelt av tare trekkjer til seg mykje fisk, mellom anna leppefisk og rognkjeks, og vi ser også på om det er muleg å kombinere taredyrking med fiske.
- Etter dagens kunnskap, har også tareproduksjonen ein del positive effektar på miljøet rundt, mellom anna på same måten som verdas regnskogar er viktige for klima og miljø.
- Men det vil også viktig å følgje med når tareanlegga etter kvart blir større for å unngå mulige negative miljøeffektar, som ikkje vi veit om i dag, seier Chapman som opplyser at Tango Seaweed er inne i fleire forskingsprosjekt som har fokus på miljø.

Angrar ikkje

Chapman angrar ikkje på at ho hoppa av forskarlivet og starta sjølv som forretningskvinne.
- Nei, eg synst dette er veldig kjekt og interessant, der ein får bruke den teoretiske kunnskapen i praksis.
Ho seier at det er ein god del kostnader knytt til å starte opp kommersiell tareproduksjon.
- For meg er det snakk om mykje pengar, men det er visstnok ikkje så mykje for ein del andre her ute.
- Uansett vil vi nok invitere inn fleire investorar etter kvart, seier Annelise Chapman.
Det er rundt 450 ulike sortar makroalgar i Norge, så vi har nok å velje mellom

Publisert: 04.12.2017 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16