Dette holet skal fyllast av eit norsk selskap
FORLENGING: Den irske trålaren Pacelli vart kutta i to ved Larsnes Mek Verksted fredag. Båten skal forlengast 10,8 meter, og verftsdirektør Jarle Gunnarstein er glad for at oppdraget på stålarbeidet gjekk til Salthammer Båtbyggeri på Vestnes.
Nytt

Dette holet skal fyllast av eit norsk selskap

Salthammer Båtbyggeri på Vestnes skal byggje stålseksjonen til forlenging av den irske pelagiske trålaren Pacelli.

10.07.2015
- Utruleg gledeleg at eit norsk selskap er konkurransedyktig på levering av store stålseksjonar, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted.
Han hadde ute pristilbod ved ei rekkje leverandørar, men rekna med at eit polsk eller anna utanlandsk selskap ville vere billegast.
- Salthammer kom med eit tilbod som i stor grad var på polsk nivå for stålarbeidet. Då var vi ikkje i tvil om kven vi skulle velje.
- For vår del er det første gong sidan 1998 at vi får levert ein større stålseksjon frå ein norsk aktør. Her er det snakk om 80 tonn stål, seier Gunnarstein.

Kutta i to fredag

Pacelli skal forlengast frå 40,4 meter til 51,2 meter. Trålaren vart kutta i to ved Sande-verftet fredag morgon.
- Eit viktig oppdrag for oss. Det var også vi som bygde trålaren i 2003, seier Gunnarstein.
I tillegg til at båten vert 10,8 meter lengre, skal det inn nytt RSW-anlegg, nytt avsilingsanlegg og ein del nytt utstyr.
- Vi skal levere båten i månadsskiftet september-oktober, seier Gunnarstein.
Sande-verftet har spesialisert seg på fiskebåtar og brønnbåtar, men har sjølve bygt skroga i land som Polen, Russland, Latvia og i dei seinare åra i Polen.

- Tyrkia er lite interessant

Gunnarstein seier at skroga vidare skal byggjast i utlandet, sjølv om det prisskilnaden mellom norskproduserte og utanlanskproduserte skrog er raskt på veg til å minke.
- Saka er at det er svært få norske verft som i dag kan byggje skrog, slik at dei norske alternativa er få.
- For oss er Polen mest aktuelt. Tyrkia er lite interessant ettersom det no er så godt som ingen skilnad mellom Polen og Tyrkia, dersom ein tek med alle omkostningane med bygginga.
For vår del er det første gong sidan 1998 at vi får levert ein større stålseksjon frå ein norsk aktør

Publisert: 10.07.2015 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45