Dette har eg venta paa i tolv aar
OPPTUR: Metizoft-gründer Gry Cecile Sydhagen har venta på den store oppturen i tolv år. No ser det lysare ut enn nokon gong.
Nytt

- Dette har eg venta på i tolv år!

Etter eit par tunge år har det tatt skikkeleg av for Herøy-selskapet Metizoft. No vert organisasjonen tilpassa stor vekst.

07.08.2018

- Dette kan verte skikkeleg stort, men det føreset at vi gjer dei rette grepa og å byggjer opp ein profesjonell organisasjon som kan handtere ei stor og krevjande kundemasse.

Det seier Metizoft-gründer Gry Cecile Sydhagen.

Ho seier at ho har venta i 12 år på at det skulle ta skikkeleg av.

- Og endeleg er vi her. Det er utruleg gledeleg, men også nauta spennande å sjå om vi maktar å ta ein leiande posisjon både nasjonalt og internasjonalt.

Frontline-avtale
Selskapet har spesialisert seg på dokumentasjon og overvaking av miljøfarlege materialar og væsker om bord i skip.

- Regelverket har vore på pass ei stund, men EU-regelverket er no formelt og det tvingar reiaren til å ta grep innenfor europeiske farvatn, og no ser vi at reiarlaga kjem etter for fullt og tek dette skikkeleg på alvor.

Selskapet har nyleg fått i hamn ein storavtale med John Fredriksen-dominerte Frontline.

180 skip
Rammeavtalen gjeld inspeksjonar og oppdatering av farleg material i heile Frontline-flåten av store tankskip. I tillegg gjeld avtalen andre skip som Frontline har managementet på, totalt rundt 180 skip.

- Utanom denne kontrakten, har vi i dag 150 unike kundar som vi også skal ivareta og er allereie godt posisjonerte 'world wide'.

- For oss er Frontline-avtalen ein kjempekontrakt, som sjølvsagt stiller store krav til alle våre tilsette, seier Sydhagen.

Også andre større selskap er på veg inn, og nytt er det at Metizoft no gjerne vert kontakta av kundar, i staden for at dei sjølve oppsøkjer kundane.

Cruise-interesse
- Vi forhandlar også med fleire større kundar og har landa våre første cruisekontraktar. Det kan også verte stort, seier Sydhagen.

Selskapet er i ferd med å trappe organisasjonen kraftig opp. Globalt er ein oppe i rundt 25 tilsette. Ved hovudkontoret i Fosnavåg er det no 15 tilsette, opp frå elleve ved årsskiftet, og fleire nye er på veg.

I fjor etablerte ein seg i Kina gjennom eit eige dotterselskap, medan ein har vore på plass i Singapore sidan 2011.

- Også her vert det vekst, seier Sydhagen.

Tungt fjorår
På plass er også det Fosnavåg-baserte dotterselskapet Metizoft Enviro.

- Det er dette selskapet som skal ta for seg dei fysiske inspeksjonane, seier Sydhagen.

I fjor omsette Metizoft AS i Norge for 10,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 0,2 millionar kroner.

Førebudde seg på oppturen
For dei tre dotterselskapa vart derimot resultatet negativt.

- Vi har merka offshorenedgangen og skip i opplag i fjor, men vi brukte tida til å utvikle nye system og førebu oss på oppturen som vi visste ville kome.

- No er vi her.

Gry Cecilie Sydhagen er hovudaksjonær i Metizoft med 53 prosent av aksjane. Nest største aksjonær er Ole-Reinhardt Notø med 20 prosent.

Andre aksjonærar er Harald og Torunn Furstrand Sydhagen med 12,2 prosent, Jan Rune Dalsøren (8,16 %), Thomas Dalsøren (4,08 %) samt Frode Remøy (2,5 %).


Det er utruleg gledeleg, men også nauta spennande å sjå om vi maktar å ta ein leiande posisjon både nasjonalt og internasjonalt

Publisert: 07.08.2018 05:59

Sist oppdatert: 19.01.2022 00:21