Dette faar oppdrettskommunane i aar
HJØRUNDFJORDEN: Ørsta er mellom kommunane på Sunnmøre som får eit betydeleg tilskot frå oppdrettsverksemda i år - 6,8 millionar. 
Nytt

Dette får oppdrettskommunane i år

Neste år blir utbetalinga meir enn halvert før ny ordning blir innført – sjå oversikt over kommunane på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
29.09.2020
No er det klart kor mykje oppdrettskommunane langs heile kysten vil få utbetalt frå styresmaktene for oppdrettsverksemda i nærmiljøet.
Kommunane i Møre og Romsdal får nær 154 millionar kroner i år, medan fylkeskommunen får 22 millionar (sjå oversikt over kommunane på Nordvestlandet under).
Inntekter til kommunane frå oppdrettsnæringa blir fordelt via eit havbruksfond. Fondet blei oppretta for at kommunane og fylka som legg til rette for havbruksnæringa, skal få ei påskjønning.

Langt mindre neste år

Stortinget har bestemt at kommunane skal få ein fast sum i år og neste år. 140 kommunar og sju fylkeskommunar delar på 2020-utbetalinga på 2,25 milliardar.
Neste år bli det betalt ut langt mindre – om lag éin milliard kroner. I 2019 fekk kommunane betalt om lag 450 millionar, og i 2018 blei det utbetalt rekordhøge 2,8 milliardar kroner til kommunane gjennom ordninga.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen uttalar i ei tysdag at han meiner han meiner kommunane kjem «svært godt ut».

Ny ordning frå 2022

Frå 2022 på plass. Då vil kommunane i staden få 40 prosent av inntektene frå ny kapasitet gjennom Havbruksfondet, i tillegg til inntekt frå ein produksjonsavgift. Den vil vere på kring 500 millionar årleg.
– Kommunane vil få meir stabile og føreseielege inntekter. Til no har det vore høgst varierande kor mykje kommunane har fått. Med produksjonsavgifta svarar vi opp eit mangeårig ønske frå oppdrettskommunane, seier Ingebrigtsen i meldinga.
(sjå kommuneliste under)

Les også:



Dette får kommunane på Nordvestlandet (tall i mill. kr.)


  • KINN 38,6
  • MOLDE 11,6
  • KRISTIANSUND 10,2
  • ÅLESUND 8,8
  • VOLDA 7,1
  • STAD 7,1
  • ØRSTA 6,8
  • VANYLVEN 6,2
  • VESTNES 6,2
  • STRANDA 5,7
  • RAUMA 3,5
  • FJORD 3,1
  • GISKE 3,1
  • HERØY 2,3
  • GLOPPEN 1,7
  • SANDE 1,2
  • ULSTEIN 1,3

Kommunane vil få meir stabile og føreseielege inntekter. Til no har det vore høgst varierande kor mykje kommunane har fått

Publisert: 29.09.2020 10:35

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:09