Dette er ein gledesdag for oss
NØGD: Maria Wolle Flø som driv Vita-butikken i Ulsteinvik har hatt nokre usikre døgn, men kan glede seg over at kjeden har fått nye eigarar. 
Nytt

– Dette er ein gledesdag for oss

Seks av sju butikkar på Nordvestlandet kan vere berga etter kosmetikkonkurs. - Ein gledesdag, seier Maria Wolle Flø ved Vita Ulsteinvik. 

Marius Rosbach
23.10.2019
Investeringsselskapet Jotunfjell Partners tek over drifta av Cosmetic Group etter at selskapet melde oppbod måndag. Dei nye eigarane er samde med bustyrar og hovudkreditorar om å ta over drifta av kjedeselskapet.

Legg ned Loco-kjeda

Cosmetic Group eigde Vita- og Loco-butikkar over heile landet – mellom anna sju kosmetikkbutikkar på Nordvestlandet.
Det er klart at Loco-kjeda blir avvikla og dei 24 butikkane blir stengt så snart varane er selt og lageret tømt, ifølgje ei frå Jotunfjell Partners.
Med andre ord ligg det an til konkurssal ved Loco-butikken på Moa i Ålesund.

– Gledesdag

Det er i dag seks Vita-butikkar på Nordvestlandet, i Ålesund (to stk. journ. anm.), Sykkylven, Ulsteinvik, Ørsta og på Nordfjordeid. Det var tidleg onsdag uklart kor mange av desse som vil bli drifta vidare.
Franchisetakar Maria Wolle Flø ved Vita-butikken i Ulsteinvik er likevel optimistisk og glad for at det kom inn nye eigarar.
– Dette er ein gledesdag for oss. Vi har framleis arbeidsplassane våre og har godt håp om at vi skal fortsette, seier ho til NETT NO.
Førebels veit ho ikkje noko konkret, men butikkane vil bli fortløpande orientert undervegs om prosessen vidare. Flø har hatt butikken ved Amfi-senteret i Ulsteinvik i snart sju år og har fire tilsette i tillegg til seg sjølv. Ho har fleire gonger blitt kåra til årets butikkleiar i regionen - og i 2015, gjekk Flø heilt til topps i den nasjonale kjeda.

Les også:


Vil berge så mange som mogleg

Dei nye eigarane opplyser at dei har som mål å vidareføre så mange som mogleg av butikkane og arbeidsplassane i Vita-kjeda. Samstundes påpeiker dei at nokre butikkar vil bli steng etterkvart.
Dei fleste butikkane er eigd av drivarane, som har franchisesavtale med kjeda. Ifølgje pressemeldinga vil konkurssalet av varer starte med ein gong i dei butikkane som skal avviklast.

Skil ut nokre Vita-butikkar

Jotunfjell opplyser samtidig at dei vil skilje ut dei beste tidlegare Vita Exclusive-butikkane i eige selskap. Dei skal driftast vidare under nytt namn.
– No skal vi saman med leiinga, butikksjefar og tilsette gå på laus arbeidet med å sikre så mange butikkar og arbeidsplassar som mogleg, og sørge for at dei som jobbar i butikkane har det dei treng for å gjere sine kundar fornøgd, seier styreleiar Kristoffer Olsen i Jotunfjell Partners.
Investeringsselskapet Jotunfjell Partners blei etablert i 2001 og har sidan kjøpt fleire enn 35 selskap – dei fleste innan varehandel. Selskapet eig mellom anna Elite Foto, Gullfunn, Enklere Liv og Airport Retail Group.

Fleire varehandelkonkursar

Konkursen i Cosmetic Group er ein av fleire i varehandelen dei siste åra. Fallande lønsemd og redusert vekst låg bak denne gongen.
I fjor gjekk , etter at den var kjøpt av konkurrenten Kitch`n like før. Etter konkursen kom Kitch`n tilbake og der det no er både Til Bords og Kitch`n-butikk. På Moa i Ålesund var Til Bord-butikken eigd av eit eige selskap med franschiseavtale. Det selskapet gjekk konkurs, og Til Bords-butikken.
Kleskjeda PM gjekk konkurs i fjor og bustyrar lukkast ikkje å finne nye eigarar, . PM hadde to butikkar i Ålesund, ein i sentrum og ein på Moa. I dag er det konkurrenten Zavanna som har tatt over PM-lokala.

Publisert: 23.10.2019 21:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42