Dette er dei mektigaste kvinnene i Norge
TOPP TRE: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (t.v.), statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Monica Mæland er dei mektigaste kvinnene i Norge, ifølgje Kapital. 
Nytt

Dette er dei mektigaste kvinnene i Norge

Statsminister Erna Solberg toppar lista dominert av politikarar. Éi kvinne frå Nordvestlandet er inne på 77. plass.

22.10.2020
(NPK-NTB): Om du vil du bli mektig er sjansen størst om du har studert økonomi eller om du er politikar. Det er konklusjonen når Kapital for 14. året på rad lanserer lista si over , i eit år der koronapandemien har rokka ved makta.
  • Sjå topp 10-lista under


Statsminister (59) tronar likevel på topp som Noregs desidert mektigaste kvinne.
– Ho stod for ein maktdemonstrasjon av dei sjeldne då ho 12. mars i år gjekk i bresjen for å stengje ned Noreg, og innførte dei mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid, seier Kapital-redaktør og juryleiar for kåringa, Vibeke Holth.

Prega av koronaåret

Lista ber preg av at ho er laga i koronaåret. Direktør i Folkehelseinstituttet (FHI) er på niandeplass. Ho er den første på lista som ikkje er politikar.

– Det er ingen tvil om at FHIs statistikk, råd og retningslinjer har hatt stor betyding for kva tiltak som er sett i verk i Noreg for å få bukt med, og slå ned på, pandemien, skriv Kapital.
Pandemien gjer òg at , som er ansvarleg for smittevern og beredskap i FHI, kjem inn på 100.-plass, medan , som er administrerande direktør i Helse sør-aust, klatrar frå 21.- til 14.-plass på lista.
– Då heile verda i mars jakta desperat etter smittevernutstyr, tok Lofthus grep. Ordninga ho etablerte – over natta – gjorde at ho fekk ansvar for å byggje opp heile Helse-Noregs lager. Slikt gir ytterlegare makt midt i ein pandemi, skriv Kapital.

Frp-topp fell på lista

Fjorårets nest mektigaste kvinne, dåverande finansminister og Frp-leiar (51), fell ned til ein sjetteplass etter at ho valde å ta partiet ut av regjering.
Opp på andreplass rykkjer i staden utanriksminister , som i sommar sikra Noreg ein plass i FNs tryggingsråd.
Også , som var kommunal- og moderniseringsminister i fjor og som no er justis- og beredskapsminister, stig til tredjeplass på maktkåringa.

Bru er yngst

Politikarar har åtte av dei første plassane på maktlista og blant landets 100 mektigaste finn vi 20 politikarar.
Den yngste på lista er 34 år gamle , som er olje- og energiminister og på femteplass. Den eldste er 68 år gamle , som leiar Eftas overvakingsorgan (ESA).
  • Dei ti mektigaste:

  • 1. Erna Solberg (59), statsminister og Høgre-leiar
  • 2. Ine Eriksen Søreide (44), utanriksminister
  • 3. Monica Mæland (52), justis- og beredskapsminister
  • 4. Guri Melby (39), Venstre-leiar og kunnskaps- og integreringsminister
  • 5. Tina Bru (34), olje- og energiminister
  • 6. Siv Jensen (51), Frp-leiar
  • 7. Iselin Nybø (39), næringsminister
  • 8. Linda Hofstad Helleland (43), distrikts- og digitaliseringsminister
  • 9. Camilla Stoltenberg (62), direktør i Folkehelseinstituttet
  • 10. Hilde Merethe Aasheim (62), konsernsjef i Norsk Hydro
  • Kjelde: Kapital

(©NPK)

Publisert: 22.10.2020 11:02

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:12