Det viser at dei vil satse paa oss
GLAD: Tillitsvalt Olav Høydalsvik på Kleven verft vart både glad og overraska då nyheita om ny kontrakt kom fredag. 
Nytt

– Det viser at dei vil satse på oss

Glede hos Kleven-tilsette over kontrakt på kjempeyacht. Men det vil ta fleire år før skroget kjem til verftet.

Marius Rosbach
15.05.2020
Mange av de tilsette ved Kleven var like overraska som andre, då kom fredag.
Medan den internasjonale økonomien er herja av koronakrise, er det inngått ein avtale om at Kleven og Brodosplit-verftet til DIV Group skal bygge det som blir omtala som verdas største private yacht.

Tilsette har vore orienterte

– Det er klart at dette er gledeleg og det viser at dei vil satse på oss, seier tillitsvalt Olav Høydalsvik i Fellesforbundet til NETT NO.
Avtalen er jobba fram av dei nye eigarane i DIV Group, og Høydalsvik fortel at dei tilsette har vore orientert om at det blei jobba med ei slik kontrakt.
– Men eg hadde ikkje rekna med at det skulle komme no, seier han.

– Fantastisk at Kleven blir involvert

Det er Brodosplit som skal gjere det meste av stålarbeidet og ein betydeleg del av dei tekniske installasjonane om bord.

Deretter skal skroget slepast til Kleven der verftsarbeidarane skal fullføre det tekniske arbeidet og innreiinga av det som blir 118 luksuriøse bustader på vatnet.
Salssjef Thore Veddegjerde trur det vil gå minst tre år før skroget er på plass ved verftet, og det betyr at Kleven er avhengig av å få på plass fleire oppdrag innan då.
– Vi synest uansett det er fantastisk at Kleven blir involvert i eit slikt prosjekt. Og sjølv om det ikkje blir fysisk arbeid i produksjonen med det første, vil det gi arbeid til andre delar av organisasjonen før vi kjem så langt, seier han til NETT NO.

Må selje bustadane

Veddegjerde påpeiker også at det per i dag ikkje er ei endeleg byggekontrakt, men at det likevel er ein signert og gjensidig forpliktande avtale med rederiet – utan at han kan gå i detaljar.
Etter det NETT NO forstår dreiar det seg mellom anna om å få selt dei 118 luksusbustadene om bord på skipet.
Eigaren av skipet er Malta-baserte Kristian Stensby i Ocean Residences Development, som har jobba i lengre tid med å realisere prosjektet. I pressemeldinga trekk Stensby fram stoltheita kring dei norske sjøfartstradisjonane og det er planlagd at skipet skal segle under NIS-flagg.
– Han har vore veldig oppteken av at prosjektet får eit norsk stempel og eg trur ikkje prosjektet hadde gått til DIV Group, om det ikkje var for at dei er blitt eigarar av Kleven, seier Veddegjerde.

Les også:


Kjent norsk yachtdesignar

Sjefdesignar for prosjektet er Jean-Louis Stutzmann, som skal jobbe saman med den kjente yachtdesignaren Espen Øino.
Nordmannen har mellom anna vore involvert i arbeidet med ekspedisjonsskipa Hurtigruten har bygd på Kleven, og det kombinerte yacht og forskingsskipet REV Ocean som Kjell Inge Røkke har .

Espen Øino:



Eg hadde ikkje rekna med at det skulle komme no

Publisert: 15.05.2020 22:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57