Det vert rabattkort for personar paa ferjereiser
SULESUND: No skal også passasjerar utan bil kunne få Autopass-rabatt på ferjene.
Nytt

Det vert rabattkort for personar på ferjereiser

Reisande utan bil vert del av Autopass-ordninga.

22.08.2019
NPK-NTB: Reisande utan køyretøy får no bli ein del av Autopass-ordninga for ferjer, opplyser samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).
– Regjeringa ønsker å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. No sørgjer vi for at dei som reiser utan køyretøy, får bli del av Autopass-ordninga, slik ordninga var tidlegare.
- Dette er viktig for dei det gjeld, for det skal framleis vere enkelt å ta ferje i Noreg, seier Dale i ei pressemelding.
Etter at regjeringa bad Vegdirektoratet sjå på regelverket for Autopass på ferjer, kom direktoratet med eit forslag om å opprette eit eige Autopass for ferjekort for personreiser, som første delleveranse.
Samferdselsdepartementet endrar no regelverket slik at ordninga kan innførast.

Publisert: 22.08.2019 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38