Det meste mangla etter restaurantdrift
STRANDA: Selskapet som blei tvangsoppløyst dreiv restaurant i leigde lokaler i Storgata på Stranda. 
Nytt

Det meste mangla etter restaurantdrift

Drivaren av restauranten skal ha reist på ferie i fjor - og bustyrar finn knapt noko som dokumenterer drifta. 

Marius Rosbach
17.09.2020
Selskapet Oliven Restaurant & Vinhus i Stranda vart tvangsoppløyst tidlegare i år og nyleg blei den vidare buhandlinga innstilt fordi det ikkje var midlar til å jobbe vidare med saka.
I beretninga frå bustyrar Kjetil Kvammen kjem det fram at mykje har vore uklart kring både roller, eigarskap og sjølve drifta av restauranten i eit leigd lokale i Storgata.
Det er kome inn krav på drygt 300.000 kroner til buet, men bustyrar har ikkje kome over noko av verdi.
Selskapet blei ifølgje offentlege register stifta i 2018 av ein mann i 60-åra og ei kvinne i 40-åra. Kvinna skal formelt ha vore dagleg leiar og styreleiar, men trødde ut allereie hausten 2018 då ho «begynte å ane at ting ikkje var som det skulle».

Skal ha reist på ferie i fjor

Ein annan mann i 40-åra skal har vore den som i realiteten ordna alt det praktiske og drifta restauranten, sjølv om han på papiret ikkje hadde nokon formell rolle i selskapet.
Mannen var kokk og har no status som utvandra frå landet. Ifølgje beretninga frå bustyraren ga mannen beskjed om at han skulle på ferie i 2019 – og har sidan ikkje kome tilbake. Bustyrar har ikkje lukkast å kome i kontakt med mannen, og ifølgje beretninga blir det anteke at han er i Tyrkia.
Det kjem også fram at mannen skal ha selt verksemda utan at styret var involvert. Kjøparane meiner seg lurt og opplyser at dei har kontakta advokat for å gå til sak mot drivaren.

«Sterkt kritikkverdig»

Bustyraren har knapt funne nokon dokumentasjon frå drifta, verken bilag eller arbeidskontraktar eller lønnsutbetalingar - og konkluderer med at det truleg ikkje er ført rekneskap overhovudet.
«Forretningsførselen etterlater seg så godt som ingen dokumentasjon på hva som har foregått og det er sterkt kritikkverdig», heter det i beretningen.
Mannen i 60-åra som skal ha betalt inn aksjekapitalen og var styremedlem, har ikkje bidrege til å kaste lys over saka.
Bustyrar reknar med at årsaka til at selskapet vart insolvent første rekke var mangelfull økonomisk styring. Ifølgje rapporten har buet ikkje dokumentasjon til å vurdere om det er gjort disposisjonar som bør gjerast om.

Har konkurskarantene

Når det gjeld konkurskarantene påpeiker bustyrar at mannen i 60-åra allereie har karantene til 2022, etter at eit anna selskap gjekk over ende tidlegare i år. Denne mannen blei då også meldt til politiet for tilsvarande forhold som har kome fram i denne saka.
Ettersom politiet har lagt vekk den saka, kom bustyrar fram til at dei nye forholda ikkje blir meldt.
Opplysningane om at verksemda skal ha blitt selt av den forsvunne kokken, er ikkje blitt stadfesta. Bustyrar har ikkje funne spor av desse pengane, men påpeikar at det i tilfelle kan vere brot på skattelova og rekneskapslova.

Les også:



Forretningsførselen etterlater seg så godt som ingen dokumentasjon på hva som har foregått og det er sterkt kritikkverdig

Publisert: 17.09.2020 17:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02