Det mest utfordrande aaret nokon gong
NYTT PELAGISK ANLEGG: Dagleg leiar og medeigar Inger Marie Sperre er spent på å ta i bruk det nye anlegget hos Brødrene Sperre, som står for den største inntektskjelda til Sperrefish-konsernet. 
Nytt

– Det mest utfordrande året nokon gong

Inger Marie Sperre er svært nøgd om 2020 blir like godt som fjoråret. Samtidig er ho spent på korleis makrellsesongen blir med nytt anlegg.

Marius Rosbach
23.09.2020
Utfordringane som følgje av koronapandemien har stått i kø for dei som driv med foredling av fisk. Situasjonen for Sperrefish-konsernet, der Brødrene Sperre på Ellingsøya er største verksemd, er ikkje noko unnatak.
– 2020 er det mest utfordrande året nokon gong for fiskeindustrien, så langt eg kan sjå tilbake, seier dagleg leiar og medeigar Inger Marie Sperre til NETT NO.

Mindre lønnsemd i fjor

Årsrapporten for 2019 viser at marginane blei pressa ytterlegare i fjor. Inntektene held fram med å auke og enda på nær 2,7 milliardar.
Samtidig gjekk lønnsemda ned og driftsresultatet blei på 14,2 millionar. Det er ein betydeleg nedgang frå året før (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
– For oss som jobbar med bearbeiding og klippfisk kvar daga heile året, så er situasjonen utruleg krevjande. Om vi klarar å kome i land med eit rekneskap i år som liknar på fjoråret, skal vi vere veldig fornøgd, seier ho.

Tek i bruk nytt anlegg til 100 millionar

Konsernet produserer klippfisk og tek mot pelagisk fisk som blir rundfryst og vidareseld. Midt i utfordringane med pandemien, kan Sperre også glede seg over at dei nettopp er ferdig med å bygge ved anlegget på Ellingsøya.

– VI har brukt mykje av våren til å renovere kring 2500 kvadratmeter og no er vi ferdige. Vi er spenna klare og ventar berre på at makrellen skal kome, seier ho.
Investeringa på kring 100 millionar inneberer den mest omfattande moderniseringa i Brødrene Sperre si historie. Dei viktigaste leverandørane har vore utstyrsselskapet MMC First Process og entreprenørane i Peab Nordang.

Les også:


Spent på kjøpekrafta i Asia

Sperre fortel at dei heile tida jobbar med å tilpasse produksjon og innkjøp til den nye situasjonen. Sperre påpeiker at det for tida er ekstra stor risiko ved at uventa ting kan endre situasjonen i ulike marknader på kort tid.
– Det er heilt klart at kjøpekrafta til kundane både i Europa – og ikkje minst i Brasil – har gått ned. No er vi spente på korleis situasjonen utviklar seg i Asia, og kor mykje dei er villige til å betale for makrellen, fortel ho.
Konsernet merka Covid-19-effektane allereie i midten av februar då marknaden i Kina stengte ned. Gjennom våren har særleg klippfisksalet blitt råka hardt og gjort at kring halvparten av dei tilsette blei permitterte i mars.

– Alle kan ikkje få alt

Inger Marie Sperre ropar likevel ikkje om meir krisehjelp til fiskeindustrien frå styresmaktene. Ho peiker på at staten må bruke fornuft i kva dei brukar pengane på.
– Alle kan ikkje få alt. Når verda der ute er i krise, anten det er pandemi eller oljeprisfall, så er det ein realitet vi også må smake på, seier ho.
Ho er likevel tilhengar av tiltak som gjer at ein held på arbeidsplassar det er «fornuftig å ta vare på gjennom krisa». Sjølv jobbar konsernet mykje med å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft.

Smittevern er framleis viktig

Sperre trur eitt av industrien sine viktigaste bidrag for å kome heilskinna gjennom krisa, er å heile tida vere på tå hev når det kjem til smittevern.
– Vi ser kor viktig dette er i kontakt med kundane - og at alt kan dokumenterast. Samtidig har vi eit stort ansvar som arbeidsgjevar for at dei tilsette ikkje skal bli sjuke, legg ho til.
Styret skriv i for 2019 at konsernet trass utfordringane har god likviditet og er godt rusta til å møte koronautfordringane framover. Konsernet har ein eigenkapital på kring 435 millionar kroner og samla gjeld på 883 millionar.

Les også

:


No er vi spente på korleis situasjonen utviklar seg i Asia, og kor mykje dei er villige til å betale for makrellen

Publisert: 23.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 28.06.2021 09:21