Det maritime veg paradokset
NYE ALTERNATIV: Aktørane i hurtigbåtbransjen har lansert ei rekkje nye alternativ til utsleppsfrie hurtigbåtar. Det kan utfordre måten å tenkje samferdselsløysingar på.
Nytt

Det maritime veg-paradokset

Nordvestlandet har flust av maritime bedrifter, men når lokal samferdsel er tema har svaret vore veg, bru og tunnel.

08.12.2019
ANALYSEIdeen om å legge ein hurtigbåtterminal rett ved flyplassen, som NETT NO skreiv om tidlegare i haust, kan vere starten på ein ny måte å tenke samferdsel på, der sjøen på ny blir ei viktig lokal transportåre.Det er Utviklingsforum Ålesund Lufthavn Vigra som står bak ideen, som vil forenkle kollektivtransporten til og frå flyplassen, både frå søre (Hareid) og nordre Sunnmøre (Søvik/Hamnsund i Haram) samt til og frå Ålesund sentrum.Båt blir kjappare enn bil. Det gjeld både det som i dag er ein kronglete og tidkrevande biltur - og enda meir tidkrevande busstur - til og frå Haram. Hurtigbåtterminal rett ved flyplassen blir også kjappare enn dagens båtalternativ mellom Hareid og Valderøya, med omlasting til buss til Vigra og flyplassen fleire kilometer unna.Hurtigbåt heilt fram til flyplassen er truleg ein lokkande tanke for alle på søre Sunnmøre, som har stått våte og kalde på hurtigbåtkaia på Valderøya, uavhengig av kva som drivstoff hurtigbåten brukar. Men det er truleg utviklinga av utsleppsfrie hurtigbåtar som opnar for ein ny utvikling av lokal samferdsel på sjøen.Det trengst mykje energi å drive fram ein hurtigbåt. Med diesel som drivkraft betyr det utslepp som ikke gjer det freistande for politikarar - med mål om å få ned CO2-utslepp og andre forureinande utslepp - å satse på hurtigbåt.Med batteri og hydrogenteknologi går hurtigbåtane over til å bli nullutsleppsfarty. Då blir den politiske velviljen ein heilt annan, og Møre og Romsdal fylke er alt i gang med å finne ut om det er råd å få til ei sjølvstyrt og miljøvenleg passasjerbåtrute på strekningane Ålesund sentrum - NTNU - sjukehuset på Åse - Moa og Langevåg.Motivasjonen for fylkesprosjektet i Ålesund er mellom anna å etablere sjøtransport som ei avlastning av vegnettet.Med unntak av kaianlegg er det små infrastrukturkostnadar i transportårer på sjøen. Lettar sjøtransporten også trykket på vegane, blir sparte vegutbyggingskostnadar nesten rein gevinst.Den tredje faktoren som kan gi persontransport til sjøs ein ny vår, er skipstunnelen gjennom Stad. Den kan opne for innaskjærs hurtigbåtrute stort sett heile vegen frå Molde til Bergen/Stavanger. I fleire NETT NO-artiklar denne veka er det kome fram poeng som talar ytterlegare for at omvelting i måten å tenke samferdsel på kan bli mogleg. Bransjen er optimistisk og fekk eit løft då fylkesutvalet i Vestland fylke tysdag 3. desember vedtok å ha på plass åtte utsleppsfrie hurtigbåtar på sambanda frå Bergen og nordover, seinast i 2024.Også på strekninga Kristiansund-Trondheim blir det arbeidd for å få utsleppsfrie båtar klare om få år.I begge tilfella er det snakk om båtar som går på batteri eller brukar hydrogen som drivstoff. (Med hydrogen som drivstoff er utsleppa vatn).- Den dagen vi finn gode løysingar på utsleppsproblemet med fossilt drivstoff, så er hurtigbåtar verdas reinaste transportmiddel, seier dagleg leiar Ottar J. Aare i Hurtigbåtforbundet HRF.Fire av dei fem alternativa som konkurrerer om løysinga på ruta Kristiansund-Trondheim baserer seg på hydrofoil-farty, ei type hurtiggåande farty som ikkje har vore i rutetrafikk i Noreg på over 30 år, men som no kan vere på veg tilbake i ny, betre og billegare form.Brødrene Aa sitt alternativ er ein katamaran med ekstra lange og slanke skrog.For begge alternativa handlar det om å minke motstanden i vatnet for å utvide rekkevidda til båtane før det må fyllast på meir energi.Og i Tønsberg har Ulf Tudem arbeidd i omlag 20 år med å utvikle ein kombinasjon av ein luftputebåt og ein ordinær båt, eit prosjekt som mellom anna har fått EU-støtte fleire gongar. Sjøforsvaret sine minerydningsfarty er basert på denne ideen, der gummimatter framme og bak mellom to katamaranskrog skaper ei luftlomme under båten, som ved hjelp av vifter gir båten eit løft. Tudem sin ide er å forme skroget slik at det blir ei lomme som startar eit stykke bak baugen, avgrensa av faste sider og ein klaff bak. Ved hjelp av vifte gir luftlomma båten eit løft, og energiforbruket ned. Tre testfarty er bygd og kjem det ein kunde i dag skal kunden få ein slik båt innan to år, seier Tudem til NETT NO.Det manglar ikkje på idear for å auke sjøtransporten. Det er eit paradoks at den maritime klynga har satsa tungt på bilen som samferdselsløysing i sin eigen heimemarknad.

Publisert: 08.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39