Nytt
- Det ideelle er å ha akkurat litt for mykje arbeid
Det hopa seg opp med nybygg for Larsnes Mek. – Ikkje ideelt, meiner verftsdirektør Jarle Gunnarstein.
10.03.2019
- Nei, innteninga har ikkje stått i stil med innsatsen.
Larsnes Mek. Verksted har hatt fem båtdåpar på 14 månader. Verftsdirektør Jarle Gunnarstein sier at det vart vel mykje på vel kort tid.
- Det har gått i eitt. Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats, men det er ingen tvil om at det vart meir arbeid enn det burde vere.
- Det ideelle er å ha akkurat litt for mykje arbeid, slik at ein har noko å strekke seg etter. Om det derimot vert for mykje, så er det ikkje bra for nokon, seier Gunnarstein.
Før Nordhavet var det i tur og orden overlevering av snurparen/snurrevadaren Sander André til Mirsel, den 38 meter lange kystbåten Gunnar K til Kristoffersen Fiskefrakt i Vesterålen, den 82 meter lange brønnbåten Ro Fortune til Rostein og den 46 meter lange snurparen/snurrevadaren Hovden Viking til Hovden-reiarlaget i Selje.
I utgangspunktet ei imponerande rekke for eit verft med berre 59 eigne tilsette.
Gunnarstein seier at ei viktig årsak til opphopinga var forseinka leveransar av skrog frå det polske skrogverftet.
- Når det først vert ei forseinking, så har det lett for å verte ei til, og så vert det ekstremt tidspress for å få båtane ferdig utrusta her på Larsnes, seier Gunnarstein.
- Dette er noko som mange verft har erfart at det ikkje alltid løner seg å ta på seg for mange oppdrag.
Gunnarstein seier at verftet har måtta leigt inn mykje folk utanfrå for å gjere ferdig nybygga.
- Her har vore fleire folk enn vi bør vere.
- Vi kunne sagt ja til meir, men er litt forsiktige.
Ved verftet ligg no den 75 meter lange pelagiske trålaren Zephyr til shetlandske Zephyr Fishing Company på Volsey klar for utrustning.
Båten skulle eigentleg leverast til sommarferien, men er no utsett til august.
- Shetlendarane tok dette fint, seier Gunnarstein.
- Dette er folk vi har hatt ein relasjon med i 33 år, og dei ville svært gjerne byggje nyebåten her.
- Vi har godt med arbeid ut 2020, og det ser også bra ut vidare framover, seier Gunnarstein.
Han har merka seg at stadig fleire norske fiskebåtreiarar vel å byggje ferdig utrusta båtar i land som Tyrkia, Spania og Polen.
- Dette er ei utfordring og noko som uroar oss på sikt.
- Samstundes er det gledeleg å sjå at fleire utanlandske fiskeriselskap vil byggje i Norge.
Larsnes Mek. Verksted har hatt fem båtdåpar på 14 månader. Verftsdirektør Jarle Gunnarstein sier at det vart vel mykje på vel kort tid.
- Det har gått i eitt. Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats, men det er ingen tvil om at det vart meir arbeid enn det burde vere.
- Det ideelle er å ha akkurat litt for mykje arbeid, slik at ein har noko å strekke seg etter. Om det derimot vert for mykje, så er det ikkje bra for nokon, seier Gunnarstein.
Dåpar på rekkje og rad
Den hektiske perioden for Sande-verftet vart kulminert siste helga i februar med dåp av den 43 meter lange kystnotbåten Nordhavet til Arvesen-reiarlaget på Ibestad.Før Nordhavet var det i tur og orden overlevering av snurparen/snurrevadaren Sander André til Mirsel, den 38 meter lange kystbåten Gunnar K til Kristoffersen Fiskefrakt i Vesterålen, den 82 meter lange brønnbåten Ro Fortune til Rostein og den 46 meter lange snurparen/snurrevadaren Hovden Viking til Hovden-reiarlaget i Selje.
I utgangspunktet ei imponerande rekke for eit verft med berre 59 eigne tilsette.
Forseinka skrog
Skroga til alle skipa var bygde ved Marine Project i polske Gdansk, men båtane vart utrusta på Larsnes.Gunnarstein seier at ei viktig årsak til opphopinga var forseinka leveransar av skrog frå det polske skrogverftet.
- Når det først vert ei forseinking, så har det lett for å verte ei til, og så vert det ekstremt tidspress for å få båtane ferdig utrusta her på Larsnes, seier Gunnarstein.
Mykje innleige
Trass i rekordstor aktivitet, seier han at innteninga ikkje har vore like bra.- Dette er noko som mange verft har erfart at det ikkje alltid løner seg å ta på seg for mange oppdrag.
Gunnarstein seier at verftet har måtta leigt inn mykje folk utanfrå for å gjere ferdig nybygga.
- Her har vore fleire folk enn vi bør vere.
Eitt nybygg i gangen
Målet framover er å ta eitt og eitt nybygg i gangen, og heller spe på med ombyggingar og reperasjonar, for å hindre ny opphoping med dertil store ekstrakostnader.- Vi kunne sagt ja til meir, men er litt forsiktige.
Ved verftet ligg no den 75 meter lange pelagiske trålaren Zephyr til shetlandske Zephyr Fishing Company på Volsey klar for utrustning.
Båten skulle eigentleg leverast til sommarferien, men er no utsett til august.
- Shetlendarane tok dette fint, seier Gunnarstein.
- Dette er folk vi har hatt ein relasjon med i 33 år, og dei ville svært gjerne byggje nyebåten her.
Utanlandsk bygging uroar
Deretter er det ein 84 meter lang brønnbåt til Rostein som står for tur.- Vi har godt med arbeid ut 2020, og det ser også bra ut vidare framover, seier Gunnarstein.
Han har merka seg at stadig fleire norske fiskebåtreiarar vel å byggje ferdig utrusta båtar i land som Tyrkia, Spania og Polen.
- Dette er ei utfordring og noko som uroar oss på sikt.
- Samstundes er det gledeleg å sjå at fleire utanlandske fiskeriselskap vil byggje i Norge.
Det ideelle er å ha akkurat litt for mykje arbeid, slik at ein har noko å strekke seg etter
Publisert: 10.03.2019 08:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32