Det har vore fem seks intense aar
UT AV DRIFTA: Ulstein-søskena Gunvor og Tore Ulstein har vore saman om drifta av Ulstein Group i ei årrekke, som konsernsjef og visekonsernsjef.
Nytt

– Det har vore fem-seks intense år

Tore Ulstein trekker seg frå den daglege drifta av Ulstein Group, men held fram i styreverva.

Marius Rosbach
18.09.2020
Tore Ulstein sluttar som visekonsernsjef i Ulstein Group, men held fram som styreleiar i konsernet, og styreverv i fleire andre Ulstein-selskap.
– Som styreleiar vil eg framleis ha eit stort engasjement for å kome oss gjennom den krevjande perioden som både delar av den maritime klynga og Ulstein, er inne i, fortel han til NETT NO.
Endringa skjedde 1. september.

Vil påverke koplinga akademia-næringsliv

Tore Ulstein fortel at det eigentleg har vore eit ønske frå hans side over noko tid, å kunne gjere andre ting som han også har lyst til. Mellom anna har han nyleg hatt sitt første styremøte som styreleiar i Norce – Norwegian Research Centre, eit statleg eigd forskingsinstitutt.

– Dei jobbar i grensesnittet mellom næringsliv og akademia med høgskular og universitet. Det er eit område eg har stor interesse i, og eg synest det var utruleg spennande å bli spurt. Etter meir enn 20 år i meir eller mindre same roller, så blir det kjekt å få eit sett med nye utfordringar, fortel han.
Han var engasjert som NHO-president frå 2013 til 2017. Han har utdanning frå NTNU og Massachusetts Institute of Technology, og har tidlegare jobba som førsteamanuensis ved NTNU og doktoringeniør ved Marintek.
– Eg har ein forkjærleik til dette med innovasjon og mykje har handla om å bygge bru mellom dei som generer kunnskap og dei som skal bruke den. Eg meiner det er eit stort potensial som ikkje blir utnytta i koplingane mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet, og der ønskjer eg å påverke, fortel han.

Les også:



– Har vore fem-seks intense år

Skipsbyggjarkonsernet har fleire tunge år bak seg, men har samtidig kapra oppdrag i nye marknader. Dei siste åra har Tore Ulstein leia Design & Solutions-selskapet, noko han fortel har vore spennande – men også krevjande.
– Det har vore fem-seks intense år etter nedgangen i 2014-15. Først ei periode med kraftig omstilling – og no korona. Det er klart at det tek på å ha ei så sentral rolle i eit lite lokalsamfunn, seier han.
Ulstein Group offentleggjorde , som vart eit nytt år med store minustal.
Systera Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og held fram i den stillinga. Systera Ingerid Ulstein , der eldstemann i syskenflokken, Vegard Ulstein, er marknadsansvarleg på eigedomsområdet.

– Sleppe til andre

Ny administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions er Runar Muren, som har vore i konsernet i lang tid.
– Det er også noko med det å sleppe til andre, som har vore viktig i dette. Vi har mange flinke folk som har vore med oss i mange år, og eg er trygg på at Runar og hans team taklar det ekstra ansvaret svært godt, seier Tore Ulstein.
Ulsteinvikaren er klar på at det ikkje er snakk om noko tidlegpensjon, og at han håpar å ha eit par tiår att i arbeidslivet.
– Slik sett meiner vi også timingen er rett og fornuftig no, legg han til.

Les også:



Publisert: 18.09.2020 18:12

Sist oppdatert: 02.07.2021 09:04