Det haglar med offshoretilsette som vil paa fiskeri
HERØY: Ei rekkje offshoretilsette ønskjer å arbeide på fiskebåten Nordsjøbas.
Nytt

Det haglar med offshoretilsette som vil på fiskeri

Utan å ha annonsert, har det hagla inn med søkjarar til tre ledige stillingar på Fosnavaag Shipping sine to fiskebåtar.

Administrator
09.09.2016
- Eg skreiv berre nokre linjer på Facebook, og dermed eksploderte det, fortel dagleg leiar Olav Remøy.
Remøy veit ikkje det nøyaktige talet, men kanskje er det så mange som 200 som har ringt, eller svara på reiarlaget si Facebook-side.
- Det er i alle fall godt over hundre som har meldt seg, slår Remøy fast.
Han har heller ikkje fått sjekka korleis søkjarane fordeler seg på dei tre ledige stillingane, men det dei skal ha er ein skipper, ein styrmann og ein trålbas.

Nysatsing

Skipperstillinga er til Hopen, som skal bli nye Remøy når båten er overteken rundt årsskiftet. Med kjøpet av Hopen får Fosnavaag Shipping endeleg torskerettane dei lenge har jobba for å sikre seg i kombinasjon med reke.
Styrmannen og trålbasen trengst til Nordsjøbas, som driv med pelagisk tråling hovudsakleg i Nordsjøen.
Ifølgje Remøy har drifta på desse båtane etter kvart blitt så intensiv at dei må til med to fulle mannskap. For tida trålar Nordsjøbas i EU-sona etter augepål.
- Det er ikkje det heilt store volumet, men med gode prisar og låge drivstoffkostnader blir det bra turar likevel, seier han.

Mest frå offshore

Remøy har inntrykk av at det ikkje er så mange fiskarar mellom dei som har søkt på dei ledige stillingane. Flesteparten kjem frå offshore og diverse anna, og Remøy seier han ikkje er overraska over at interessa mellom sjøfolk for å kome seg over på fiskeri er så stor som den er.
Mange av dei som søkjer på fiskeri står utan jobb, men det er òg mange som har jobb, men som er usikre på kor lenge det varer.
- Slik sett er det vel tidene som gjenspeglar seg, også korleis sosiale medium fungerar, seier Remøy.
Eg skreiv berre nokre linjer på Facebook, og dermed eksploderte det

Publisert: 09.09.2016 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00