Det gler oss langt inn i sjela aa sjaa korleis folk nyttar tilbodet
Nytt

– Det gler oss langt inn i sjela å sjå korleis folk nyttar tilbodet

I tøffe tider er det om å gjere å vere kreativ. Geiranger Bakeri fekk overveldande respons på ny teneste.

Marius Rosbach
31.03.2020
Til liks med mange næringsdrivande har Geiranger Bakeri tøffe tider i møte med koronakrisa. Kring ti tilsette er permitterte frå kafeen og bakeriet på Spinneriet kjøpesenter i Volda, etter at inntektene forsvann.
– Vi fann ut at vi måtte forsøke å få inn nokre inntekter om vi skal klare å overleve, fortel Gaute Holen som til vanleg driv kafeen som no er stengt.

Kan bli aktuelt å hente inn permitterte

Løysinga blei å satse på utkøyring av bakarvarer – eit tilbod som har slått så godt an at dei no har inngått samarbeid med Polaris om at dei skal ta seg av utkøyring.
– Det gler oss langt inn i sjela å sjå korleis folk nyttar tilbodet. Vi opplever stor respons frå folk som tydeleg vil at vi skal vere med vidare når vi kjem ut av denne koronakrisa, fortel han.
Han og gründer Jan Egil Vikestrand er no ei einaste som ikkje er permitterte – men om etterspurnaden held fram på same nivå – kan det vere at nokre av dei fast tilsette blir henta inn att på jobb.
Denne veka har dei planlagd utkøyring onsdag og fredag, og ordna det slik at folk betalar på Vipps og fyller ut eit skjema på nett.

Les også:



Folk køyrde ut på dugnad

Mot slutten av førre veke rann bestillingane inn i så høgt tempo at dei fekk problem med å få ut leveringane.
– Torsdag starta vi klokka eitt på ettermiddagen og heldt på til klokka ti dagen etterpå. Vi baka, pakka og køyrte ut sjølv. Då vi bad om hjelp på fredagen, melde det seg masse kjekke folk som tok på seg og køyre ut bestillingane på dugnad, fortel Holen.
Han fortel at dei blei inspirert av Bæra på Amfi Moa, som også byr kundane sine utkøyring. Smoothie- og juicebaren har allereie i eit par veker levert varer til kundar.
– Vi ser at det dukkar opp andre som gjer noko av det same, legg Holen til.

Fire av ti arbeidslause i bransjen

Overnatting- og serveringsverksemder er mellom dei som er hardast ramma av koronakrisa. I løpet av få veker har fleire enn 1500 tilsette frå desse yrka i Møre og Romsdal søkt om dagpengar fordi dei er permitterte.
I ei før helga kom det fram at heile 43 prosent av dei tilsette i desse yrka no er arbeidslause. Tilsvarande for varehandelen er 16 prosent, medan industrien i fylket då hadde ei arbeidsløyse på ti prosent.
Fleire fryktar eit skred av konkursar i bransjen. Ein av dei første verksemdene i fylke til å melde oppbod etter dei omfattande tiltaka blei innført, var den i Ålesund.

Les også:



Då vi bad om hjelp på fredagen, melde det seg masse kjekke folk som tok på seg og køyre ut bestillingane på dugnad

Publisert: 31.03.2020 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55