Det gaar overraskande bra
GASELLEKANDIDAT: Godt med besøk for Sunnmørsbadet og dagleg leiar Karl Petter Sortehaug.
Nytt

- Det går overraskande bra

Sunnmørsbadet hadde budsjettert med 30 prosent svikt i år på grunn av konkurransen med Ulstein Arena. Slik gjekk det ikkje.

11.10.2018
- Vi har mist dei fleste badegjestane frå Ulstein og Hareid, men vi har fått nye frå andre stader.
Det seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet i Fosnavåg.
Svikten ser ut til å verte på rundt 10 prosent.
- I fjor hadde vi rundt 100.000 badegjestar. I år ser vi ut til å nå 90.000. Det er vi fornøgd med. Det går eigentleg overraskande bra, seier Sortehaug.

Vågå og Lom

Flest badegjestar er frå Ålesund og nærområdet, men nye har kome til i år.
- Vi har no mange som kjem frå Våga, Kvam, Lom og Bismo.
- Dette er eit resultat av bevisst marknadsføring, mellom anna i lokalavisa Fjuken.

Mange barnefamiliar

Sortehaug seier at ein spesielt har lukkast med tilbod til barn og barnefamiliar.
- Ja, dette satsar vi stort på, og tilreisande kombinerer gjerne ein tur på Sunnmørsbadet med andre opplevingstilbod.
Totalt er det rundt 30 som arbeider ved Sunnmørsbadet, men få i heil stilling.
- Mellom anna har vi mange studentar, som kombinerer kvelds- og helgejobb her med skulegang.
- Vi har fleire frå Høgskulen i Volda.

Gasellekandidat

Nyleg vart Sunnmørsbadet også nominert til Gaselleprisen i regi av Dagens Næringsliv, ein pris som går til dei store vekstbedriftene.
- Dette er sjølvsagt hyggjeleg, seier Sortehaug.
- Då vi starta opp, var det mange som var kritiske og spådde denne satsinga nord og ned.
- Men i motsetning til andre store badeland, som har fått svikt og økonomiske problem etter det første året, har vi gått andre vegen.
 Vi har no mange som kjem frå Våga, Kvam, Lom og Bismo

Publisert: 11.10.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26