Det er verkeleg stort for oss
STØRSTE NOKON GONG: Administrerande direktør Ingegjerd Eidsvik i Artec Aqua fortel at oppdraget med første byggetrinn for Salmon Evolution er kring tre gonger større enn den største kontrakta dei hadde frå før. Tysdag blei det markert byggestart for kjempeanlegget på Indre Harøy.
Nytt

– Det er verkeleg stort for oss

Landbasert oppdrettsanlegg  på Indre Harøy sikrar ålesundselskapet Artec Aqua inntekter på meir enn 1,2 milliardar.

Marius Rosbach
19.05.2020

– Det er ein merkedag, seier Artec Aqua-direktør Ingegjerd Eidsvik då NETT NO tek ein prat med henne kort tid etter at styreleiaren og gründerane i Salmon Evolution har teke dei første spadetaka for anlegget i vasskanten på Indre Harøy tysdag.

nettnohalf

Og det er langt får ei overdriving. Til saman sikrar anlegget inntekter for Artec Aqua for ein plass mellom 1,2 og 1,3 milliardar kroner.

– Det er verkeleg stort for oss, seier ho sjølv om oppdraget som i særklasse er det største Ålesund-selskapet har sikra seg nokon gong.

Les også: Sette spaden i jorda for kjempeanlegg for oppdrett

Den siste offentlege rekneskapen frå 2018 viste ei omsetning for Artec Aqua på 453 millionar - ei solid auke frå 2017. Rekneskapen for 2019 er ikkje klart enno.

Kan bli fleire oppdrag
Artec Aqua er totalleverandør for anlegget som blir mellom dei største landbaserte anlegga i Europa. Første byggetrinn er venta å stå klart i løpet av halvanna år.

– Vi har også opsjonar på dei komande byggetrinna, fortel Eidsvik.

Salmon Evolution vil ha eineretten til å bruke teknologien og systema deira. Samtidig har selskapet planar om fleire anlegg, som gjer at avtalen kan generere fleire oppdrag for Arteq Aqua.

Fleire tilsette
Oppdraget på Indre Harøy har allereie ført til ei auke i talet på tilsette, etter at dei har jobba kring eitt år med prosjektering.

nettnohalf

Ved kontoret i Breivika er det no vel 40 tilsette. Nyleg tilsette dei to kunderådgjevarar og to prosjektleiarar, og no er dei på jakt etter ein prosjekteringsleiar.

– Det kan vere at vi treng fleire etter kvart utover hausten, men det kjem også an på kva andre oppdrag som kjem inn, legg ho til.

Større dimensjonar – same teknologi
Sjølv om dimensjonane er større, så er teknologien ved Salmon Evolution-anlegget den same som Artec Aqua er godt kjende med frå til dømes stamfiskanlegg.

– I stamfisk dreier det seg om å få god kvalitet på egga, medan her skal vi sørge for god kvalitet på kjøtet. Alt frå vatnbehandling og fiskelogistikk er overførbart, fortel Eidsvik.

I metoden som skal nyttast på det første anlegget til Salmon Evolution nyttar ein sjøvatn og ein teknologi med gjennomstrømming av vatn, samtidig som kring 70 prosent av vatnet blir brukt opp igjen.

Må sile førespurnader
Artec Aqua har dei siste åra teke ein leiande posisjon på anlegg for oppdrett på land, og samarbeidet med Salmon Evolution har ført til meir interesse kring kva dei kan levere.

nettnohalf

– Vi har mange førespurnader og vi veljar ut kva prosjekt vi skal jobbe med, for vi har ikkje kapasitet til å ta alt, fortel Eidsvik.

Ho strekar under at det for mange prosjekt også er ei lang fase frå ideen oppstår, vil ein står klar til å bygge.

Les også: Salmon Evolution ser mot børsen

Salmon Evolution hentar 258 millionar

Oppdrett på land - framleis eit supplement
Oppdrettsnæringa har dei siste åra hatt store utfordringar med båse lus og høg dødelegheit, og Nordvestlandet er for tida i sokalla raud sone – som betyr at styresmaktene ikkje vil gi løyve til noko auke med det første.

Eidsvik trur likevel ikkje at ein vil sjå noko storstilt omstilling til landbaserte anlegg i næringa.

– Eg trur at vi framleis vil ha oppdrett i sjø. No er det problem med til dømes lus, men når du har ein god produksjon i sjøen, så er det levedyktig. Difor vil landbasert oppdrett vere eit supplement, seier ho.

– For vår del er det interessant at smolten blir større og større, og blir på land lengre enn før. Det er ein vekstdrivar for oss, og smoltanlegg er ein betydeleg del av det vi leverer.

Bakgrunnen for den utviklinga er at oppdrettarar ønsker å ha ein meir «robust» fisk når den kjem i sjøen, og som samtidig får eit kortare opphald i sjøen. Det fører også til færre lusebehandlingar og er soleis både meir skånsamt – og meir kostnadseffektivt.

Les også: Sette spaden i jorda for kjempeanlegg for oppdrett


For vår del er det interessant at smolten blir større og større, og blir på land lengre enn før. Det er ein vekstdrivar for oss

Publisert: 19.05.2020 17:02

Sist oppdatert: 07.02.2022 08:09